Hopp til innhald
Nynorsk
Forklaringsartikkel

Digital straummålar (AMS)

Ein smart straummålar eller AMS (avansert måle- og styringssystem) har to hovudfordelar samanlikna med dei eldre, analoge struammålarane som var vanlege før.

Han rapporterer forbruket ditt automatisk til straumleverandøren. Du slepp altså å lese av målaren og rapportere inn manuelt, slik som før 2019.

Du kan òg få rapport om straumforbruket ditt med spesifisert tid. Du får med andre ord vite til kva tider av døgnet du bruker mykje og lite straum.

Dette kan vere nyttig ved planlegging og automatisering av energitunge operasjonar, til dømes lading av elbilar.

Skrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist oppdatert 28.09.2020