Hopp til innhald

Fagstoff

Barnehagedagen blir avslutta

Wenche fortel om korleis dagen vanlegvis blir avslutta i den barnehagen der ho var lærling.
Far og barn ved barnehage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barna blir henta til forskjellige tider, frå klokka 14.00 og utover, men dette varierer sjølvsagt litt frå dag til dag. Det tek ei stund før alle barna er henta, og oppryddinga byrjar om lag 15.30 både inne og ute.

Barnehagen stengjer 16.45, då låser seinvaktene dører og sløkkjer alle lys før dei to dreg heim. Barna hjelper til med oppryddinga. Dei kjører inn syklar, ryddar saman akebrett, bytter, spader, spann og liknande. Oppryddinga skjer over lang tid, for vi kan ikkje rydde vekk alle leikene før alle barna har fare heim.

Etter kvart som foreldra kjem for å hente barna pratar vi med dei og fortel om dagen i dag. Ikkje alle foreldra snakkar norsk, og vi må kunne gjere oss forstått på andre måtar. Nokre gonger bruker vi barna som tolk.

Vi dokumenterer at barnet er henta og passar på slik at den personen som hentar får med seg alt som skal vere med heim.

Dersom det skulle skje at eit barn ikkje blir henta før stengetid i barnehagen vil foreldra bli oppringde av dei tilsette i barnehagen, og den personen som går seinvakt vil måtte arbeide overtid til barnet er henta av foreldra. Barnehagen kan aldri stengjast dersom det framleis er barn som ikkje er blitt henta. I slike tilfelle blir foreldra til barnet kontakta av pedagogisk leiar eller styret i barnehagen. I barnehagen min måtte deibetale eit gebyr for den ekstra tida.

Relatert innhald

I jobben kan du oppleve situasjonar der det blir nødvendig å bruke tolk. Kjennskap til tolken sine kvalifikasjonar hjelp då i dei vurderingane du må gjere.

CC BY-SASkrive av Wenche Bankhaug Michelsen.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren