Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver til «Stranger Things»

I desse oppgåvene skal du finne intertekstuelle referansar mellom tv-serien Stranger Things og 80-talsklassikaren The Goonies. Merk at filmklippa frå YouTube, som det blir vist til i oppgåvene, kan innehalde uønskt reklame.
Fire ungdommer går bortover en vei ikledd brune kjeledresser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Denne videoen peikar på fleire forskjellige filmreferansar i Stranger Things. Vel tre filmreferansar, og diskuter på kva måte referansane frå den tidlegare filmen er brukt i Stranger Things.

  • Er det rekvisittar eller kostyme?
  • Eller er det visuelle forteljarelement som lyd og bildeutsnitt?
  • Vis til forskjellar og likskapar.

Oppgåve 2

Sjå traileren til The Goonies.

  • Gå så inn på Netflix og Stranger Things, episode 5 i sesong 2.
  • Gjer greie for dei intertekstuelle referansane frå The Goonies i akkurat denne episoden av Stranger Things.
  • Lag ein kort presentasjon.
CC BY-SASkrive av Christina Svien.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018

Læringsressursar

Læringsstiar