Hopp til innhald

Et par kysser hverandre i filmen Upperdog. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. LæringsstiarChevronRight
  4. 2000–2010: Filmreform og ein ny generasjon i norsk filmChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

2000–2010: Filmreform og ein ny generasjon i norsk film

Upperdog (2009)



På 2000-talet er norsk film prega av nytt, norsk filmfond og dobling av produksjonen av film i Noreg. I tillegg er det nasjonal og internasjonal suksess for norsk film, og ein ny generasjon av filmskaparar og skodespelarar kjem på banen.

Filmreform og publikumssuksessar

Med Elling og Heftig og begeistret fekk den nye filmreforma ”ein flying start”. Filmane nådde breitt ut både nasjonalt og internasjonalt. Elling blei til overmål Oscar-nominert året etter. TV-drama og dataspel blei etter kvart innlemma i støttesystemet, saman med ei ny tilskotsordning etter marknadskriterium. Denne skulle utgjere basis i det norske støttesystemet, saman med filmkonsulentane sitt kunstnerisk forankra arbeid. Noreg fekk også ein profesjonell filmkommisjon for å leggje forholda til rette for utanlandske produsentar som ønskte å filme i den vakre naturen i landet. Alt dette er i dag ein viktig del av Norsk filminstitutt si verksemd.

Sjangerfilm, ungdommelege historier og kommersielle barnefilmar

Det sentrale i det nye fondet var å auke produksjonsvolumet. Ei dobling av talet på kinofilmar sørgde for ein kvalitets- og publikumsmessig suksess. Varemerket til fondet blei sjangerfilm, ungdommelege historier og kommersielle barnefilmar. Filmskulane blei også sentrale for utviklinga av norsk film på 2000-talet.

Nye stemmer

Sara Johnsen, utdanna ved den nye, nasjonale filmskulen på Lillehammer, fekk mykje merksemd med dei poetiske, gripande og sosialt engasjerte filmane Vinterkyss (2005) og Upperdog (2009) . Den tredje spelefilmen hennar Uskyld hadde verdspremiere ved filmfestivalen i Toronto hausten 2012.

Joachim Trier

Frå prestisjeskulen National Film School i London kom Joachim Trier, datterson av den legendariske norske filmkunstnaren Erik Løchen. Trier debuterte i 2006 med filmen Reprise, den kanskje mest personlege og kunstnerisk markerte filmen i historia til den moderne, norske filmbølgja. Gjennom den viste Trier både den kunstneriske arven sin og det moderne filmspråket sitt. Den andre filmen hans, Oslo 31. august, hadde verdspremiere i Cannes og har seinare hatt stor suksess i Frankrike, noko som ikkje er kvardagskost for norsk film.

Stavangerbølgja og ungdomsfilm

Mongoland kan seiast å vere den første markante ”nye, ungdommelege filmen” innanfor den nye bølgja då den kom i 2000. Detektor (2000) blei også ein markant tittel. Begge filmane introduserte regionane sitt inntog i norsk filmproduksjon. Eit interessant film- og musikarmiljø hadde utvikla seg rundt Høgskulen i Stavanger, og Detektor varsla noko nytt i norsk filmproduksjon med den mystiske, nesten musikalske forteljarforma. Seinare kom Mannen som elsket Yngve (2008) frå dette miljøet og blei ein stor festivalsuksess internasjonalt. Filmen fekk oppfølgjaren sin i Jeg reiser alene i 2011. Kompani Orheim (2012) er den tredje filmen om antihelten Jarle Klepp, kreert av forfattaren Tore Renberg. Også Bergen markerte seg sterkt etter 2000 med bl.a. regissørane Pål Øie og Gunnar Vikene og med ei rekkje Varg Veum-filmatiseringar.

Eit nytt stjernelag

Hovudverket i den nye, ungdommelege filmbølgja er likevel Morten Tyldums Buddy (2003), med eit klart og markert stjernelag. Den blei det endelege gjennombrotet for den nye filmen vis-à-vis det norske kinopublikummet. Filmen var også den første i ei rekkje av nye underhaldningsfilmar innan sjangrane melodrama, krim-, action- og skrekkfilm.

Unge, lovande talent blei filmstjerner over natta: Ingrid Bolsø Berdal, Nikolai Cleve Broch, Anders Baasmo Christiansen, Aksel Hennie, Kristoffer Joner, Trond Espen Seim, Pia Tjelta, Ane Dahl Torp, Victoria Winge m.fl. Dei prega dei nye historiene og bidrog til suksess på heimemarknaden. Krimfilmar som Uno (2004) og Uro (2006) blei populære, og romantiske komediar kom tilbake, som Eva Dahrs Mars og Venus (2007).

Det nye stjernelaget som veksla mellom film og teater, blei fundamentet for ein ny giv. Publikum strøymde til den nye norske filmen. Den blei eit sentralt samtaleemne i selskapslivet og i dei politiske kretsane. Media fatta raskt interesse for den nye, norske filmen. Kinobesøket på norske filmar steig kraftig og blei tredobla i løpet av få år.

På det tekniske området er oppsvinget til norsk film i det siste tiåret også verd å leggje merke til. Norske filmfotografar nyt høg internasjonal anerkjenning, og digitaliseringa av bilete, lyd, redigering og etter kvart kinovising har utvikla og demokratisert mediet og gjort det rimelegare og meir tilgjengeleg enn nokon gong. Også produsentleddet blei vesentleg styrkt på 2000-talet. Fleire selskap utvikla etter kvart ein kontinuerleg produksjon innan spelefilm, fjernsyn og reklame.

Barnefilmen

Norsk barnefilm har utvikla seg i to hovudretningar i dette tiåret. Framleis blir det laga den morosame, underfundige, litt filosofiske og/eller moraliserande ”vaksne” barnefilmen som engasjerer og stimulerer. Det nye er dei kommersielle underhaldningsfilmane som er delvis framkomne som følgje av NFIs tilskot etter marknadsvurdering. Dei fem Olsenbanden jr.-filmane, produserte av Nordisk Film A/S, har bidrege til publikum og kinoane si glede og entusiasme for ny, norsk barnefilm.

Animasjonsfilm

Animasjonsfilm i Noreg er også ofte for barn, anten dei er politiske, pedagogiske eller underhaldande filmar. Fjernsynsseriane om Pelle Politibil og taubåten Elias er blitt til kinofilmar, forfattaren Erlend Loe har fått animert og filmatisert Kurt-bøkene sine, og Knerten-filmane har fått god hjelp av animasjonen. Pjotr Sapegin og Anita Killi har signert praktfulle animerte kortfilmar for barn og vaksne. Killis pedagogiske og skilsetjande Sinna Mann har gått verda rundt dei siste åra og blei vinteren 2011 kåra som den mestvinnande kortfilmen overhovudet på kloden. Arven etter Ivo Caprino er sterk og levande.

Bent Hamer

Norsk film er likevel ikkje berre underhaldning for heimemarknaden. Også særprega personlege stemmar har som nemnt fått internasjonal merksemd og vore ein viktig del av det norske filmbiletet. Bent Hamer har hatt ein gledeleg kontinuitet i produksjonen sin sidan debuten med Eggs i 1995, både som forfattar, regissør og produsent. Salmer fra kjøkkenet (2003), Factotum (2005) og O’Horten (2007) er vist ved ei rekkje leiande, internasjonale filmfestivalar og selde til mange land. Den siste filmen hans Hjem til jul hadde verdspremiere i Toronto hausten 2010, fekk deretter manuskriptpris ved festivalen i San Sebastian og blei seld til ei rekkje land. Hamers filmar er sett av meir enn ein million menneske i Europa. Han har dermed eit publikum som er mange gonger større utanfor Noreg enn i heimlandet.

Hans Petter Moland og Erik Poppe

Hans Petter Molands En ganske snill mann, med verdsstjerna Stellan Skarsgård i hovudrollen, deltok same året i hovudkonkurransen under Berlinfestivalen og fekk avisa Berliner Morgenposts publikumspris. Også den har oppnådd eit omfattande sal til utanlandske distributørar. Moland blei lagd merke til med Beautiful Country same staden i 2004 og har tidlegare signert eksistensielle drama som Secondløitnanten (1992), Kjærlighetens kjøtere (1995) og Aberdeen (2000). Erik Poppe, som var Bent Hamers fotograf på Eggs, har markert seg som ein stilsikker og interessant regissør gjennom Oslo-trilogien sin Schpaaa (1998), Hawaii Oslo (2004) og de Usynlige (2008).

Forfattarar til filmen

Eit særpreg innan den nye, norske filmen er at etablerte forfattarar skriv direkte for film. Torun Lian skreiv Frida-filmen, og Axel Hellstenius signerte Secondløitnanten, i tillegg til at han adapterte Pelle og Proffen-filmane og Elling. Erlend Loe og Lars Saabye Christensen er andre gode eksempel på film-forfattarar. Harald Rosenløw Eeg skriv Erik Poppe sine filmar, Nikolaj Frobenius har skrive både for Erik Skjoldbjærg og Marius Holst, og Per Schreiner skreiv Den brysomme mannen for Jens Lien og Lønsj for Eva Sørhaug i 2008.

Læringsressursar

Læringsstiar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale