Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. LæringsstiarChevronRight
  4. 1980–1990: Barne- og ungdomsfilmen ut i verdaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

1980–1990: Barne- og ungdomsfilmen ut i verda

Herman (1990)

Den borgarlege regjeringa overtok kulturpolitikken i 1981, og det blei meir private pengar i norsk film. Barne- og ungdomsfilmen fekk eit oppsving.

Privat kapital i norsk film

Nasjonen sin filmproduksjon hadde vore nede i ein bølgjedal kvalitets- og publikumsmessig, og tida var moden for ein meir offensiv politikk med kinobesøk og privat kapital som hovudelement. Det blei satsa på ein meir kommersiell filmtype, og utanlandske samproduksjonar kom til landet for å nyte godt av ordninga med komandittselskap.

Meir kunstnerisk orienterte filmar fekk også internasjonal merksemd på slutten av åttitalet, som Oddvar Einarsons prislønte generasjonsportrett X (1986), og Martin Asphaugs En håndfull tid (1989). Erik Gustavson utmerkte seg med ”film noir"-pastisjen Blackout (1986) og den poetiske og hjartevarme barndomsskildringa Herman (1990), etter Saabye Christensens forteljingar, og eit knippe prislønte kortfilmar.

Det internasjonale gjennombrotet til barnefilmen

På 1990-talet fekk også norsk barnefilm eit internasjonalt gjennombrot, særleg under filmfestivalane i Berlin og Lübeck, med Berit Nesheims Frida – med hjertet i hånden (1991) og Høyere enn himmelen (1993). Morten Kolstads Villhesten (1994) og Ole Bjørn Salvesens Kalle og englene (1993) blei også kjende Berlin-filmar og nådde breitt ut på den tyske marknaden.

Ein annan populær barne- og ungdomsfilm var thrilleren Døden på Oslo S (1990), i Eva Isaksens regi, med manuskript av Axel Hellstenius etter Ingvar Ambjørnsens bøker om ungdomsheltane Pelle og Proffen. Det skulle bli ytterlegare to filmar om desse ”norske utgåvene” av Hardy-gutane: Giftige løgner (1992), regi Martin Asphaug, og De blå ulvene (1993), regi Morten Kolstad. Produsenten var då skifta til Filmkameratene A/S.

Regi- og produsentparet i dette selskapet, Vibeke Idsøe og John M. Jacobsen, signerte seinare storfilmane Jakten på nyresteinen (1996), Gurin med reverompa (saman med Nille Tystad Aronsen i 1998) og Karlsson på taket (2002). Den førstnemnde er ein fantasifull spelefilm i draktene og dekoren si verd, ein slags levande dokkefilm, mens dei to siste er klassiske teiknefilmar. Filmane var co-produsert med SF i Sverige, blei breitt lanserte og oppnådde svært hyggjelege besøkstal. Frå same selskap kom Torun Lians debutfilm Bare skyer beveger stjernene (1995), etter eige manuskript, ei av dei mange skilsetjande barndomsskildringane som norsk film har skapt i moderne tid.

Læringsressursar

Læringsstiar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale