Hopp til innhald

Iram Haq, Khalid Hussain og Anita Uberoi. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. LæringsstiarChevronRight
  4. Skylappjenta – ei historie om identitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skylappjenta – ei historie om identitet

Iram Haqs kortfilm Skylappjenta kom ut i 2009. Her skal vi sjå filmen og sjå på nokre problemstillingar som blir reist.

Iram Haq, Khalid Hussain og Anita Uberoi. Foto.

På bildet ser du, forutan Iram Haq, Anita Uberoi (skodespelar) og Khalid Hussain (forfattar og filmregissør). Alle tre har på kvar si måte vist oss kor vanskeleg jakta på identitet er for to-kulturell ungdom.

Iram Haq (1976) kjenner du kanskje igjen frå rolla som Fatima i Robert Stoltenbergs TV-serie Borettslaget. Her speler ho dottera til ein særs tradisjonsbunden pakistansk far. Iram Haq har sjølv pakistansk-norsk bakgrunn. Da ho var 14 år, blei tilhøvet til familien veldig konfliktfylt, og ho braut kontakten. I intervju har ho karakterisert seg sjølv som ei slags Pippi Langstømpe; som ei som tidleg måtte ta ansvar for si eiga oppseding. Den gamle verda raste saman for ho, og utan rollemodellar eller definerte førebilete, måtte ho byggje opp eit nytt liv, berre med utgangspunkt i seg sjølv. Som Fatima i Borettslaget og Jasmin i Import Eksport viser Iram Haq viktige sider ved det å vere tokulturell i Noreg. I dei eigne filmane hennar Skylappjenta og Jeg er din tek ho utgangspunkt i seg sjølv og diktar vidare. I begge filmane går hovudpersonane inn for det som synest å vere ei god løysing der og da, men som syner seg å vere ein inngangsportal til nye problemstillingar. Hovudpersonane strever med å finne seg ein plass i ei kaotisk verd og jaktar på tilhøyrsle og identitet. Dei strever med dei store spørsmåla: Kva gjer oss til den vi er? Kva har vi i bagasjen, og kva har dette å seie for kjensler og handlingar og for korleis vi opptrer i møte med andre?

Før du ser filmen, bør du tenkje over uttrykket å ha skylappar og kva det inneber.

Skylapp: lêrlapp som ein festa til bekselet på hesten for å hindre han i å sjå til sida. "Å ha skylappar": å vere trongsynt og lite smidig

Les meir

«Third Culture Kids» Knyt Skylappjenta til problemstillingar i denne fagteksten.

Sjå på omgrepa og i lys av filmen.

Læringsressursar

Læringsstiar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale