Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Minoritetsstress

Det finst mange former for stress, og somme er knytte til eigen identitet og andre sine haldningar. Minoritetsstress er ei av desse. Dette er ei form for stress som ikkje alltid er synleg for den som opplever det, eller for dei rundt.

FooterHeaderIconFooter iconLK20
Ei gruppe ungdommar går og snakkar. Ei anna gruppe ungdommar står i ein gong og snakkar saman.

Å vere minoritet betyr at du tilhøyrer ei gruppe som er i mindretal eller blir sett på som mindre viktig eller underordna andre.

Å tilhøyre fleire kulturar eller vere litt annleis enn fleirtalet er både ei glede og ein styrke for mange av oss. Likevel opplever dessverre mange minoritetsgrupper diskriminering. Til dømes har dei nasjonale minoritetane våre og urbefolkninga vår, samane, opplevd systematisk undertrykking over mange år.

Kva er minoritetsstress?

Minoritetsstress er den tilleggsbelastninga ein kan bli utsett for som minoritet. Det kan handle om å oppleve negative reaksjonar, eller frykte at dei oppstår, men også skam og vonde kjensler knytte til korleis ein ser på sin eigen identitet som minoritet.

Minoritetsstress påverkar den psykiske helsa vår og kan gjere oss ekstra sårbare. Forventninga om ein negativ reaksjon kan komme av eiga erfaring, eller at ein har erfart at andre i same minoritetsgruppe blir utsett for dette.

Det at ein har ei forventning, betyr sjølvsagt ikkje at det kjem til å skje, men forventninga skaper stress uansett. Eit døme på minoritetsstress kan vere at eit homofilt par som leier på gata, blir redde for å oppleve negative kommentarar, blikk – eller i verste fall vald. Sjølv om paret aldri har erfart dette sjølv, veit dei at det har skjedd andre. Det skaper stress og frykt, som gjer at dei kanskje ikkje tør å leie eller vere opne om kven dei er.

Sosialisering og normer

Vi blir sosialiserte inn i normene i samfunnet frå vi er veldig små, og det påverkar synet vårt på minoritetar, òg viss vi sjølv er ein. Viss samfunnet rundt deg fortel deg at den samiske kulturen er mindre verd, så vil det påverke korleis du ser på deg sjølv som same. Det er mange av desse normene og forventningane som påverkar eige minoritetsstress. Når vi snakkar om minoritetsstress, synleggjer vi korleis ein struktur i samfunnet kan bli til ein struktur inni oss sjølv, der vi tek med oss fordommar som påverkar korleis vi ser på oss sjølv.

Som minoritet blir vi ofte usynlege. Vi finst ikkje i dei store forteljingane i samfunnet, eller samfunnet kan vere tilrettelagt for fleirtalet og ikkje for ulike minoritetar. Til dømes er det mange kafear og restaurantar som ikkje har tilgang for rullestol. Du kan jo tenkje over kor mange seriar eller filmar du har du sett med ein transperson eller ikkje-kvit karakter i hovudrolla. Vi kan òg føle oss sjølvlysande når vi tilhøyrer ei minoritetsgruppe. Det betyr at menneske legg meir merke til minoritetsstatusen vår enn andre sider ved oss, og at det blir vanskeleg å berre «forsvinne i mengda». Eit døme på dette er kvinner med hijab, som kan oppleve kommentarar og blikk frå folk fleire gonger om dagen.

Ung jente med høyretelefonar på bussen. Foto.

Vi møter alle forventningar, både frå oss sjølv og frå dei som er rundt oss. Når desse forventningane kolliderer med kvarandre, blir vi utsette for eit krysspress. Du kan til dømes oppleve at foreldra og venene dine har heilt ulike forventningar til kva vi burde gjere i ein bestemt situasjon.

Krysspress og verdikonflikt

Somme minoritetar føler at dei står med eit bein i kvar kultur, eller i ulike verdiar – det som er heime og det som er ute i samfunnet. Desse har ofte ulike forventningar, og det blir umogleg å leve opp til alt. Ein slik verdikonflikt kan føre til skyldkjensle, og at vi prøver å vere noko anna overfor dei vi er glade i, fordi vi er redde for å miste dei. I eit slikt krysspress kan det vere vanskeleg å vite kva ein føler og kven ein eigentleg er.

Til dømes er det mange minoritetsnorske ungdommar som føler det som å balansere på ei line, der ein har det norske på den eine sida og heimlandet til foreldra på den andre. Viss ein vel ei av sidene, så fell ein. Men det er ikkje slik at ein må velje. Med god støtte og gode samtalar rundt kven du er, kan du finne ein balanse der du kan lage din eigen veg midt i mellom.

Det er eit samfunnsansvar å gjere noko med opplevinga til menneske av minoritetsstress. Å snakke om kva det er, vise korleis det påverkar oss og prøve å endre på strukturar i kvardagen som skaper minoritetsstress, vil dempe stresset. Når minoritetsstresset blir ei belastning i kvardagen og hindrar deg i å leve eit godt liv, kan det vere fint å prate med nokon om det. Når ein er minoritet, kan det vere vanskeleg å be om hjelp, fordi ein er redd for ikkje å møte forståing for den ein er. Prøv likevel. Viss den du snakkar med ikkje veit nok, finn ein annan.

Kjenner du deg igjen i noko av dette og treng nokon å prate med?

Viss du opplever minoritetstress, er det viktig å ha nokon å snakke med. Somme skular har ein eigen minoritetsrådgivar, men det er òg fleire andre du kan snakke med.

Å dele erfaringar og tankar med andre minoritetar kan òg vere god hjelp. Dei veit noko om korleis du har det.

Det styrkjer sjølvkjensla vår å kunne vere stolte av den vi er og kulturane eller gruppene vi høyrer til, men det er ikkje alltid vi klarer det. Dette handlar ofte om skamma samfunnet har påført minoritetar. Skamma kan òg føre til at vi prøver å skjule kven vi er. Det gjer noko med oss.

Skamma blir ofte litt mindre av å snakke om ho. Ikkje minst er det viktig å vite at dette er ei skam som er påført minoritetsgrupper, og ikkje noko du har skyld i.

Ei kvinne kledd i ein tradisjonell samisk drakt dansar, mens barn og vaksne ser på. Foto.

Det samiske folket har opplevd systematisk undertrykking gjennom fleire hundreår, og framleis opplever samar rasisme og usynleggjering. Den samiske nasjonaldagen blir feira kvar 6. februar for alle samar i heile Sápmi – på tvers av landegrenser – og er offisiell norsk flaggdag. Her frå feiringa 6. februar 2020 i ein samisk barnehage på Tøyen i Oslo. Inga Márjá Sarre frå Kautokeino joikar og dansar framfor statsminister Erna Solberg og fleire ministrar.

Denne artikkelen er skrive av Skoleprogrammet VIP

Kjelder

Bjørkmann, M. (2012). Lesbisk selvtillit – lesbisk helse. Utfordringer og mestringsstrategier hos lesbiske kvinner (Phd). Bergen: UIB.

Meyer, I. (2003). Prejudice, Social Stress and Mental Health in Lesbian, Gay and Bisexual Populations: Conceptional issues and research evidence. Psychological Bulletin, 129. doi: 10.1037/0033-2909.129.5.674

Nadal, K. L, Griffin, K. E, Wong, Y., Hamit, S. & Rasmus, M. (2014). The Impact of Racial Microaggressions on Mental Health: Counseling implications for clients of color. Journal of Counseling & Development, 92, 57-66. doi: 10.1002/j.1556-6676.2014.00130.x

Sist oppdatert 06.04.2020
Skrive av Jorid Bakken Steigum

Læringsressursar

Press og stress

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar