Hopp til innhald

Spel

Stresstriggerspillet

Kjenner du deg stressa av og til? Slapp av, du er ikkje åleine. Stress blir trigga av ulike ting, og opplevast ulikt frå person til person. Her skal de anten teikne, beskrive ord utan å nemne ordet sjølv, eller mime ulike stresstriggarar, slik at medspelarane kan gjette.

LK20
Fotografi av mimaren Marcel Marceau i kostyme.

Miming

Positivt og negativt stress
  • Positivt stress er når kroppen blir aktivert og hjelper oss å fokusere og takle utfordringar.
  • Negativt stress hender når presset blir for stort, når vi opplever at vi ikkje har det som skal til for å takle ulike utfordringar.

Utstyr:

  • 5 post-it-lappar til kvar
  • skrivesaker
  • stoppeklokke

Spelereglar

Før spelet:

  • Læraren deler ut fem post-it-lappar til kvar elev.
  • Sjå filmen under om stress. Bruk deretter fem minutt til å tenkje etter kva som utløyser og triggar stress-kjensle hos deg. Det kan gjelde både jobb, skule, trening eller fritid. Det kan vere positive eller negative stress-triggarar.
  • Noter ein "triggar" på kvar av dei fem lappane.

Spelet:

  • Læraren samlar inn lappane, krøllar dei saman og fordeler i like bunkar.
  • Klassen blir delt i grupper på 3–4 elevar i kvar gruppe, og får utlevert bunken sin med post-it-lappar. Bli samde om kven som skal trekkje den første lappen.
  • Når ein spelar trekkjer ein lapp, kan spelaren sjølv velje om dei vil teikne, beskrive stressmomentet utan å nemne ordet, eller å mime, slik at medspelarane kan gjette.
  • Ein får eitt minutt til å gjette, bruk stoppeklokka på telefonen.
  • Viss hen gjettar riktig, held dei fram med ein ny lapp heilt til minuttet er over. Den som gjettar riktig, beheld lappen. Den som har flest lappar til slutt, vinn spelet.

Etter spelet:

Del 1

  • Gå gjennom lappane dykkar, og bli samde om tre triggarar alle kan kjenne seg igjen i. Bestem om triggarane utløyser positivt eller negativt stress hos dykk.
  • Del tavla i to, ein for positivt stress og ein for negativt stress. Post lappane i den kategorien de vart samde om.
  • Diskuter i klassen:

    • I kva situasjonar skaper desse triggarane positivt stress?
    • I kva situasjonar skaper desse triggarane negativt stress?
    • Korleis kan tankane og forventningane dine påverke opplevinga av stress?
    • Korleis kan ein meistre negativt stress?

Del 2

  • Ta utgangspunkt i triggarane de har lista opp på tavla. Bruk desse til å lage ei e-bok med stressmeistringstips til elevar i vidaregåande skule.
  • Bruk gjerne ressursane frå Elevforlaget.no, der du loggar inn med Feide.
Sist oppdatert 25.02.2020
Skrive av Cathrine Meyer Johansen

Læringsressursar

Press og stress