Tverrfaglege tema
Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.
Folkehelse og livsmeistring
Ungdomstida er ein periode med store forandringar. Ved å utforske og reflektere over tema som fysisk og psykisk helse, identitet, sosiale relasjonar og personleg økonomi vil du bli betre i stand til å meistre dei utfordringane som møter deg.
Fysisk og psykisk helse
God helse handlar om å ha det bra, både fysisk og psykisk. Det er mange ulike faktorar som påverkar korleis du har det. Utforsk kva som fremjar og kva som hemmar ei god helse.