Hopp til innhald

Tverrfaglege tema

Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.

Demokrati og medborgarskap

Demokrati og medborgarskap som tverrfagleg tema i skulen handlar om at du skal få kunnskapar om føresetnadene til demokratiet – og rettane og pliktene dine som medborgar. Du skal bli ein aktiv medborgar og bidra til å vidareutvikle demokratiet i Noreg.