Hopp til innhald

Fysisk aktivitet som livsmeistring

Fysisk aktivitet har mange positive effektar. Ein aktiv livsstil er viktig for helsa og kan hjelpe deg å meistre fleire ulike sider av livet. Utforsk betydninga av fysisk aktivitet, og bli meir aktiv i kvardagen!
Ung mann gjer triks med eit skateboard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi får meir og meir kunnskap om kor viktig fysisk aktivitet er for læring, helse og velvære. Fysisk aktivitet kan gi deg betre hukommelse, auka merksemd, betre humør og meir energi.

Samtidig lever vi eit samfunn der det blir lettare og lettare å ikkje bevege seg. Vi sit stille store delar av skulekvardagen, vi beveger oss rundt ved hjelp av elsparkesykkel, moped, bil og buss, vi bruker fjernkontrollen for å skifte kanal på tv-en, og vi bruker heis eller rulletrapper for å komme oss opp og ned i etasjar. Det er derfor viktig at vi jobbar medvite for å auke den fysiske aktiviteten vår i kvardagen.

Fysisk aktivitet er ein viktig del av den fysiske og psykiske helsa vår, og auka aktivitet kan vere eit viktig hjelpemiddel for å meistre ulike delar av livet. I dette emnet får du kunnskap om betydninga av fysisk aktivitet og forslag til korleis du kan jobbe med dette temaet ut frå ulike faglege vinklingar.

Det aller viktigaste du kan lære, er kanskje korleis du kan bli meir aktiv i kvardagen din. I læringsstien "Mitt prosjekt for auka fysisk aktivitet" har vi laga eit forslag til korleis du og resten av klassen kan arbeide for å bli meir fysisk aktive. Denne læringsstien er fleirfagleg og kan brukast som ein introduksjon til temaet.

Fysisk aktivitet er eit tverrfagleg tema som eignar seg godt som eit skuleprosjekt. Vi har derfor laga forslag til korleis heile skulen eller ulike klassetrinn og linjer kan arbeide saman med temaet, og korleis de kan arbeide med temaet på ulike studieretningar.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Fysisk aktivitet som livsmeistring