Hopp til innhald

Psykisk helse

Vi har alle ei psykisk helse. Det handlar om tankane og kjenslene våre, korleis vi har det inne i oss, og om forholdet til oss sjølv og menneska rundt oss. Lær meir om psykisk helse, og korleis du kan ta vare på ho.
Ungdommar sit på ei grasslette ute i naturen og ser utover eit vatn. Ein av ungdommane snur seg mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor bør vi lære om psykisk helse?

Korleis går det? Korleis har du det?

Dette er ofte det første spørsmålet vi stiller kvarandre når vi møtest. Det er ikkje altid vi vel å svare ærleg når nokon spør, spesielt ikkje viss det går dårleg, og vi ikkje har det så bra. Då kan det bli for sårbart og personleg, og vi ønsker ikkje å fortelje om det til andre.

Korleis vi har det, handlar ofte om den psykiske helsa vår. Når den psykiske helsa er god, føler vi oss ofte bra og verdifulle. Vi har gode relasjonar til andre og opplever at vi taklar dei utfordringane vi møter i kvardagen. Når den psykiske helsa er dårleg, vil vi ofte kunne føle oss mindre verdifulle. Vi kan oppleve at relasjonane til andre er vanskelege, og at vi ikkje meistrar dei utfordringane vi står overfor.

Dei siste åra har det blitt stadig meir openheit om psykisk helse. Det blir ofte lettare å bere vonde tankar og kjensler når vi snakkar om dei med andre. Når vi er opne, blir det òg lettare å få hjelp til å løyse dei utfordringane vi står overfor. Samtidig betyr ikkje det at du bør dele alt med alle. Til dømes er det ikkje lurt å dele private tankar og opplevingar med alle dei andre elevane i klassen.

Det er viktig å få kunnskap om psykisk helse, og kven du kan snakke med viss du – eller nokon du kjenner – møter utfordringar. Då bli det lettare å ta vare på di eiga og andre si psykiske helse.

Læringssti

I dette emnet har vi laga ein læringssti som ein introduksjon til temaet psykisk helse. Denne læringsstien kan brukast som utgangspunkt for vidare arbeid med temaet i mange ulike fag. I læringsstien vil du

  • få kunnskap om psykisk helse

  • reflektere over kva som påverkar den psykiske helsa vår, og korleis vi kan ta vare på ho

  • utforske ulike psykiske lidingar, og få vite kven du kan ta kontakt med viss du møter psykiske utfordringar

  • diskutere kva som er god og dårleg psykisk helse, og korleis ein kan fremme god psykisk helse

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien, eller velje ut enkelte delar.

Anna fagstoff

Vi har òg lagt til artiklar og oppgåver om psykisk helse som er knytte til ulike fag. På denne måten kan de jobbe vidare med temaet i fag som norsk, samfunnskunnskap, mediefag og helse- og oppvekstfag.

Mange av artiklane og oppgåvene i dette tverrfaglege emnet er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2022