Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Kropp og seksualitet

Vi har alle rett til eit trygt seksualliv, og seksualiteten vår har mange ulike sider. Utforsk kva seksualitet er, korleis du kan få eit tilfredsstillande seksualliv, og korleis seksualiteten påverkar ulike område av livet.

Lepper møter kvarandre. Foto.

Seksualitet er ein viktig del av livet og handlar like mykje om fantasiar, kjensler og tankar som seksuelle aktivitetar. Seksualiteten er mangfaldig, og ungdomstida er ein viktig periode for å utforske og å bli trygg på eigen seksualitet.

I dette emnet fokuserer vi på mange ulike sider ved seksualitet. Seksualitet er ei kjelde til glede og nyting, og vi har laga ein læringssti om seksualitet som ein introduksjon til temaet. I denne læringsstien vil du jobbe med desse spørsmåla:

  • Kva er seksualitet?

  • Korleis blir seksualiteten vår forma?

  • Korleis kan du og andre få ein tilfredsstillande seksualitet?

  • Kva for seksuelle rettar har du?

Andre tema som vi tek opp i dette emnet, er grensesetjing, porno, metoo og seksuell trakassering. Vi har samla oppgåver og artiklar frå mange ulike fag, og det kan vere spesielt aktuelt å jobbe med dette emnet i fag som samfunnskunnskap, norsk, religion og etikk, helse og oppvekstfag og andre yrkesfag.

Sist oppdatert 2021-06-22T12:26:40Z
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Kropp og seksualitet

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar