Hopp til innhald

Seksualitet og grenser

Korleis kan du setje eigne seksuelle grenser og respektere andre sine? Diskuter grensesetjing, og kva vi kan gjere for ikkje å utsetje andre for negative opplevingar.
Ungt par som kyssar på fest. Dei står på eit dansegolv, og raudt lys flommar utover rommet. Mange andre par dansar i bakgrunnen, og det er eit lerret med ein svart-kvitt-film på veggen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er grensene mine? Kva er grensene dine?

Ungdomstida er ein viktig periode for å bli kjend med eigen og andre sin seksualitet. Det er ein periode der kroppen går gjennom store forandringar. Mykje er nytt, og mange kan vere usikre på sin eigen seksualitet.

Alle har rett til eit trygt seksualliv, og for mange ungdommar er seksualitet ei kjelde til glede og nyting. Dessverre finst det òg ungdommar som blir utsette for negative opplevingar. Viss du ikkje respekterer eigne eller andr sine seksuelle grenser, kan det få svært alvorlege konsekvensar. Det er derfor viktig at du tenker over dine eigne grenser og lærer deg å respektere grensene til andre.

I dette emnet vil du få kunnskap om sexpress, seksuell trakassering og seksuelle overgrep. Du vil lære om lovene som regulerer seksualitet og diskutere kva du kan gjere for ikkje å tråkke over eigne eller andre sine grenser.

Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men somme av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, yrkesfag, kommunikasjon og kultur og mediefag.

Somme av artiklane og oppgåvene er sette saman i ein læringssti. I læringsstien "Seksualitet og grenser" har vi laga ein introduksjon til temaet. Der vil du få kunnskap om sexpress og seksuell trakassering, diskutere kva vi kan gjere for å hindre det, reflektere over haldningar til seksualitet og arbeide med grenser og grensesetjing.

Det kan òg vere aktuelt for dykk å kombinere arbeidet med artiklar og oppgåver i dette emnet med artiklar og oppgåver i andre tverrfaglege emne. Desse to emna i folkehelse og livsmeistring er spesielt relevante for seksualitet og grenser:

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2022

Læringsressursar

Seksualitet og grenser