Hopp til innhald

Rus

Mange ungdommar prøver rusmiddel for første gong i løpet av vidaregåande. Kvifor bruker nokon rusmiddel? Korleis verkar dei, og kva konsekvensar kan bruk av rusmiddel få?
Gutar og jenter i russedressar festar og drikk saman i ein russebuss. Foto.

Du er på fest. På bordet framfor deg står det tomme ølboksar og ei halvfull vinflaske. Fleire av vennene dine begynner å bli fulle og oppfører seg annleis enn dei pleier.

Stemninga er god. Ved sida av deg i sofaen sit nokon du ikkje kjenner så godt. De finn tonen, skåler saman, og ein av dei spør om de ikkje skal gå utanfor og røyke ein joint.

Kva gjer du?

Dei fleste ungdommar møter på rusmiddel i løpet av vidaregåande. Det er derfor spesielt viktig for dei å lære seg meir om rus. Korleis verkar rusmiddel, og kvifor vel nokon å ruse seg? Kva skjer når nokon er rusa, og korleis kan du setje dine eigne grenser?

I Noreg er alkohol det klart mest brukte rusmiddelet. Det finst òg ei rekke ulovlege rusmiddel, men dei er mindre utbreidde enn mange ungdommar trur.

I dette emnet har vi samla artiklar og oppgåver om rusmiddel frå ulike faglege vinklingar. Vi har òg laga tre ulike læringsstiar som kan brukast som ein introduksjon til temaet rus.

  • I læringsstien Rus skal du reflektere over årsaker til rusmiddelbruk, utforske utbreiinga av rusmiddel lokalt og nasjonalt og lære meir om korleis ulike rusmiddel verkar.

  • I læringsstien Rus og grenser er det fokus på grensesetjing. Kva er det som skaper drikkepress? Kvifor er det viktig å setje sine eigne grenser, og korleis kan du gjere det?

  • I læringsstien Russ og rus er det fokus på samanhengen mellom russefeiringa og rusmiddel. Kva er rus? Korleis verkar eigentleg alkohol, og kva kan du gjere for å få ei bra russetid?

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien, eller velje ut enkelte delar.

Vi har òg lagt til artiklar og oppgåver om rus knytte til ulike fag. På denne måten kan de jobbe vidare med temaet i fag som norsk, samfunnskunnskap, psykologi, religion og etikk og helse-og oppvekstfag.

Fleire av artiklane og oppgåvene i dette emnet er laga i samarbeid med Rusinfo. De finn òg ein artikkel om rus og psykisk helse som er skriven av VIP Psykisk helse i skulen.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Rus