Kroppspress
Kroppane våre kjem i mange ulike former og fasongar. Likevel opplever mange ungdommar at dei skal sjå ut på ein bestemd måte. Fleire ungdommar rapporterer at dei er misnøgde med kroppen sin, og denne misnøya kan ha store negative konsekvensar. Det er derfor viktig å få meir kunnskap om kroppspress og lære seg å vere kritisk til somme av dei kroppsideala som omgir oss i samfunnet vårt.
I dette emmet skal du utforske og reflektere over kva kroppspress er, kvar det kjem frå, kva konsekvensar det kan ha, og kva vi kan gjere for å minske det. Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men somme av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, kroppsøving, naturfag, kommunikasjon og kultur og mediefag.
Somme av artiklane og oppgåvene er sette saman i ein læringssti. I læringsstien Kroppspress har vi laga ein introduksjon til temaet. Der vil du få kunnskap om kroppspress, kroppsbilete, kroppsideal og kroppsmisnøye. Du vil òg utforske samanhengen mellom sosiale medium og kroppspress og diskutere kvar kroppspresset kjem frå, og kva du sjølv og samfunnet kan gjere med det.
Det kan òg vere aktuelt for dykk å kombinere arbeidet med artiklar og oppgåver i dette emnet med artiklar og oppgåver i andre tverrfaglege emne. To emne i folkehelse og livsmeistring som er spesielt relevante for kroppspress er: