Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Press og stress

Mange ungdommar opplever press og stress, men kva er eigentleg stress? Kva er det som skaper så mykje press blant ungdom, og kva kan du gjere med det?

Press og stress

Er du stressa?

Mange unge i dag vil svare ja på det spørsmålet. Ungdommar i dag har fått tilnamnet "generasjon prestasjon", og mange ungdommar fortel om mykje press og stress i kvardagen. Men opplever ungdom i dag verkeleg meir press og stress enn tidlegare generasjonar, og er stress nødvendigvis noko negativt?

På den eine sida er stress noko heilt normalt. Dei aller fleste er stressa før ein eksamen, og det er ikkje uvanleg å sove dårleg før ei viktig prøve. Stress vil òg i mange tilfelle kunne hjelpe deg til å mobilisere energi og krefter til å jobbe hardare og prestere betre. Stress er derfor ikkje noko vi alltid skal prøve å unngå, men noko vi i staden skal øve oss på å meistre.

På den andre sida kan langvarig og negativt stress vere skadeleg for den fysiske og psykiske helsa. Stresset kan føre til auka bekymring, gjere det vanskelegare å hugse det ein har lært, svekkje immunapparatet og leie til auka fråvær. Det er derfor viktig å lære seg meir om stress og forstå korleis stress kan påverke oss på godt og vondt.

Slik kan de jobbe med dette emnet

De kan jobbe med emna press og stress på ulike måtar. Klassen kan dele seg i grupper og jobbe med ulike temaområde, eller de kan velje å fokusere på eitt eller to temaområde som kan vere spesielt aktuelle i enkelte fag.

Forslag til temaområde kan vere

  • stress og sosiale medium
  • stress og skule
  • stress i samfunnet
  • stress og psykisk helse
  • stress og fysisk helse

Innanfor fleire av desse temaområda kan de jobbe med kortare oppgåver og aktivitetar. De kan òg velje å fordjupe dykk i eitt eller fleire spørsmål knytte til press og stress på ulike måtar, som til dømes ved å

  • skrive ein fagartikkel om press og stress
  • lage ein videoappell
  • diskutere bilete på sosiale medium og lage motbilete
  • gjennomføre ei undersøking om kva som skaper press og stress på skulen dykkar

Vi har òg sett saman nokre av ressursane i ulike læringsstiar. Bruk stiane som dei er, tilpass dei til eige bruk eller lag din eigen sti på stier.ndla.no


Sist oppdatert 2020-03-18T13:26:50Z
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Press og stress

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar