Hopp til innhald

Fagartikkel

Skapar sosiale medium press og stress?

Sosiale medium er ein viktig del av livet til mange ungdommar. Samtidig rapporterer mange unge om auka press og stress. Er det ein samanheng mellom bruken av sosiale medium og press og stress?

LK20
Ein ung mann viser fram ein mobiltelefon med bilete av ein mannleg modell og ei mannleg dokke. Foto.

Bloggar Espen Johnsen (26) reagerer på at det er få som snakkar om kroppspress blant gutar. Sjølv har han brukt masse pengar på utsjånaden sin.

Er sosiale medium ei kjelde til press og stress?

Dei fleste ungdommar på vidaregåande brukar mykje tid på sosiale medium. Nesten halvparten av alle ungdommar bruker sosiale medium to eller tre timar kvar dag, medan litt under ein tredel bruker sosiale medium endå meir (Ungdata, 2019).


Tenk etter: På kva måtar kan sosiale medium skape press og stress?


På den eine sida kan sosiale medium bidra til auka fokus på kropp og utsjånad. Det kan auke frykta for å gå glipp av sosiale hendingar og skape eit press om å vere pålogga, prestere sosialt og framstå på ein bestemd måte.

På den andre sida kan sosiale medium gi auka sjølvtillit og betre relasjonar til andre. Dei kan òg gjere det lettare for ein del ungdommar å velje kven dei vil ha kontakt med.


Tenk etter: Korleis kan sosiale medium minske press og stress?

Samanhengen mellom stress og sosiale medium

Forsking på norske ungdommar har vist at det er ein samanheng mellom bruk av sosiale medium og opplevinga av press og stress. Jo meir tid du bruker på sosiale medium, jo meir sannsynleg er det at du opplever press og stress. Dette gjeld både jenter og gutar, men jentene rapporterer om meir stress og press ein gutane (Ungdata, 2019).

Dei som bruker mest tid på sosiale medium, opplever òg meir kroppspress og har større problem med å takle det pressa dei blir utsette for, enn andre ungdommar. Samtidig er det òg mange ungdommar som opplever at sosiale medium skaper lite eller ikkje noko press og stress (Ungdata, 2019).

Er sosiale medium årsaka til press og stress?

At dei som bruker mykje tid på sosiale medium, opplever meir press og stress, betyr ikkje nødvendigvis at det er sosiale medium som er årsaka til problemet. Det kan vere at ungdommar som opplever press og stress, i større grad oppsøkjer sosiale medium. Det kan vere at sosiale medium bidreg til press og stress fordi det blir brukt til å formidle eit bestemt innhald.

Sosiale medium blir til dømes ofte brukte til å formidle bilete av kropp og utsjånad som kan bidra til kroppspress. Då er det ikkje dei sosiale media i seg sjølve som skaper eit press, men heller måten dei sosiale media blir brukte på av nokre ungdommar.

Tre ungdommar i badedrakt tek ein sjølfi. Foto.

Mange ungdommar legg ut bilete av seg sjølve med bar overkropp i sosiale medium. Slike bilete kan bidra til auka kroppspress, men er dette dei sosiale media sin feil?

Ei norsk undersøking har vist at dei som bruker sosiale medium mykje, har ein tendens til å ha mange venner, sjølv om nokre mannlege storforbrukarar òg rapporterer om meir einsemd (Brandzæg, 2012). Det kan derfor vere at ein moderat bruk av sosiale medium kan vere positivt, medan ingen eller overdriven bruk kan vere negativt for den mentale helsa.

Sosiale medium har òg fått mykje negativ merksemd i media, noko som lett kan skape eit overdrivent dystert bilete. Det kan òg vere at det auka fokuset i samfunnet på psykisk helse gjer at fleire ungdommar enn tidlegare rapporterer om press og stress. Det presset ungdom opplever på sosiale medium, kan òg kome av meir grunnleggjande endringar i samfunnet, som til dømes eit auka fokus på individuelle prestasjonar.

Alt i alt er det vanskeleg å seie kor mykje press og stress sosiale medium skaper. Det er stor variasjon blant ungdommane og mange ulike faktorar som kan vere med å påverke opplevinga av press og stress.

Ei ung kvinne ser på fortvilt på mobiltelefonen sin. Foto.

Mobbing på sosiale medium kan vere minst like belastande som fysisk mobbing. Det kan vere ei ekstra belasting at ein ikkje får nokre pausar frå den digitale mobbinga og ikkje alltid veit kven som står bak.

Mobbing og krenkingar i sosial medium

Ein måte sosiale medium kan skape stress på, er gjennom digital mobbing. Mange ungdommar opplever krenkingar på sosiale medium. Det kan vere uønskte bilete, uønskt kontakt eller nedsetjande merknader. Viss desse aggressive angrepa varer over lengre tid, er det mobbing.


Mobbing har tre grunnleggjande kjenneteikn

  • Det er ei intendert negativ handling.
  • Det er eit ujamt styrkeforhold mellom den som står bak, og den som blir utsett.
  • Episodane blir gjentekne over tid.

Mobbinga kan både vere direkte gjennom nedsetjande bilete eller meldingar eller indirekte gjennom baksnakking, utestenging frå grupper eller utfrysing, der ein til dømes ikkje gir nokon likes.


Tenk etter: Kvifor er det så få ungdommar som seier frå om digital mobbing?



Digital mobbing kan vere svært belastande. Ofte veit ein ikkje kven som står bak. Det kan òg vere vanskeleg å vite kva baktankar andre har med det dei legg ut, noko som kan føre til auka uvisse og stress. Sidan mobbinga går føre seg på nett, får ein heller aldri pause frå plaginga. Du veit aldri kva som kjem til å dukke opp på skjermen. Dei som blir mobba på sosiale medium, blir ofte òg utsette for fysisk mobbing, slik at dei opplever ei dobbelt belasting.

Mobbing har alvorlege konsekvensar, og vi har alle eit ansvar for å hindre mobbing på sosiale medium. Det er er derfor viktig at du seier frå viss du opplever eller blir vitne til mobbing på nett.

Kven kan du snakke med om mobbing?

Oversikt over kven du kan snakke med på skulen

Oversikt over kven du kan snakke med utanfor skulen



Kjelder

Bakken, A., Sletten, M. Aa., Eriksen, I. M. (2018). Generasjon prestasjon? Ungdoms opplevelse av press og stress. Tidsskrift for ungdomsforskning 2-2018. Henta frå https://utdanningsforskning.no/artikler/generasjon-prestasjon-ungdoms-opplevelse-av-press-og-stress/

Brandzæg, P. B. (2012) Social Networking Sites: Their Users and Social Implications – A Longitudinal Study. Journal of computer-Mediated communication 17, nr. 4, 467–488. Henta frå https://academic.oup.com/jcmc/article/17/4/467/4067681

Bru, E. & Roland, P. (red). (2019). Stress og mestring i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.

Klomsten, A. T. (2018). Mediebruk, kropp og livsmestring i skolen. I V. Frantzen & D. Schofield (Red.), Mediepedagogikk og mediekompetanse: Danning og læring i en ny mediekultur (s. 283-301). Bergen: Fagbokforlaget

Madsen, O. J. (2018). Generasjon prestasjon. Hva er det som feiler oss? Oslo: Universitetsforlaget

Ungdata. (2019, 23 januar). Stress, press og psykiske plager blant unge. Henta frå http://www.ungdata.no/nyheter/stress-press-og-psykiske-plager-blant-unge

Sist oppdatert 22.03.2020
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Press og stress