Hopp til innhald

Øving

Øving: Liker du meg?

"Likes" kan få stor makt på sosiale medium. Korleis opplever du det å få eller ikkje få likast? I denne øvinga skal klassen gjennomføre eit eksperiment og diskutere korleis likes påverkar oss.

LK20

Svarte og raude menneskefigurar som minner om spelbrikker. Alle har tommel ned-symbolet over hovudet. Illustrasjon.

Du treng

  • golvplass
  • post-it-lappar med hjarte eller tommel opp
  • utsegn skrivne på eigen lapp

Vi tilrår at du gjer denne øvinga i ein klasse du kjenner litt. Ho krev òg at du har ordentleg golvplass. Dersom ringen blir for liten, har øvinga mindre effekt. Gjer ho i eit tomt rom, eller skyv pultar og stolar til side.

Trinn 1

Klassen samlar seg i ein stor ring. Læraren ber om ein frivillig som kan stå i midten av ringen. Denne personen skal seie tre utsegner som kunne ha vore skrive på sosiale medium. Desse har læraren på førehand skrive ned på eit ark. Elevane kan eventuelt lage nokre sjølve i forkant av øvinga.

Typiske utsegner kan vere:

  • Endeleg 16!
  • Skikkeleg drittdag i dag. Kunne ha trunge ein klem.
  • Elskar denne kattevideoen.

Trinn 2

Personen som skal i midten går først ut av klasserommet slik at vedkommande ikkje høyrer kva læraren seier til dei andre. Læraren forklarer at dei som står rundt, skal like eller ikkje like det personen i midten seier. Elevane skal stå i ein sirkel med ryggen til personen i midten.

Viss elevane liker noko, skal dei gå fram til personen og setje ein post-it-lapp på vedkommande medan dei seier "liker" eller "hjarte". Dei skal så gå tilbake til ringen, men stå med kroppen vendt mot personen i midten. Dersom dei ikkje liker, blir dei ståande i ringen med ryggen til.

Læraren avtaler med elevane at ingen skal like den første utsegna som personen i midten seier. Den andre utsegna skal to stykke like, men dei skal vente til personen i midten har sagt setninga si tre gonger før dei går opp til han eller ho. Den siste utsegna skal alle unntatt tre personar like.

Trinn 3

Personen på gangen kjem inn og stiller seg i midten av ringen. Vedkommande gjentek kvar utsegn tre gonger med god tid imellom. Det går så slik læraren har instruert (sjå trinn 2). Øvinga kan godt gjentakast eit par gonger til med andre utsegner og andre personar i midten. Ho kan òg utvidast ved at personane rundt kjem med kommentarar.

Trinn 4

Etter øvinga diskuterer klassen følgjande spørsmål:

  1. Korleis kjendest det å stå i midten? Kva la du spesielt merke til?
  2. Korleis kjendest det å like eller ikkje like?
  3. Korleis kan vi verne oss på sosiale medium slik at ikkje likes får så mykje makt?

Denne oppgåva er laga av Skoleprogrammet VIP.

Sist oppdatert 08.03.2020
Skrive av Jorid Bakken Steigum

Læringsressursar

Press og stress