Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale medium og stress

I media kan vi ofte lese om korleis sosiale medium bidreg til press og stress blant ungdom. Men sosiale medium kan òg hjelpe deg til å meistre stress på ein god måte.
To gutar smiler mens dei ser på ein mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I media kan vi ofte lese om at sosiale medium er ei kjelde til press og stress for ungdom, men stress er ikkje nødvendigvis noko negativt. Det er viktig å skilje mellom positivt og negativt stress.

  • Positivt stress er når kroppen blir aktivert og hjelper oss å fokusere og takle utfordringar.
  • Negativt stress hender når presset blir for stort, når vi opplever at vi ikkje har det som skal til for å takle ulike utfordringar.

Sosiale medium kan både hjelpe deg til å takle utfordringar og motverke negativt stress. På sosiale medium kan du:

  • finne nyttig informasjon og kunnskap som er viktig for læring
  • få råd, finne gode rollemodellar og få auka sjølvinnsikt
  • få vener, bli kjent med korleis andre har det og bli ein del av eit fellesskap
  • bli underhalde og få hjelp til å kople av

Negativt stress

Sjølv om sosiale medium har mange positive verknader, kan det òg bidra til å skape press og negativt stress.

Når du er på sosiale medium, er du både aktør og mottakar. På den eine sida deltek du aktivt med bilete, videoar og innlegg og tilbakemeldingar, og på den andre sida ser du heile tida kva andre legg ut.

To skodespelarar som står på scena. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Du kan tenkje på sosiale medium som eit teater der du vekslar mellom å gå av og på scena. Når du er på scena, oppfører du deg annleis enn når du er bak scena, og dei to ulike rollene kan beskrivast som frontstage og backstage.

  • Frontstage: Når du legg ut noko på sosiale medium, er du på scena. Då framstiller du deg sjølv på best mogleg måte for å bli likt av andre, og kor godt dei andre liker framstillinga di, kan til dømes målast i talet på "likes".
  • Backstage: Når du ikkje er aktiv på sosiale medium, er du bak scena. Då kan du planleggje kva du skal leggje ut og øve deg på framføringa. Du kan til dømes trene, sminke deg eller arrangere sosiale treff for å kunne verke best mogleg.

Reflekter: Ofte blir vi presenterte for glansbilete av andre ungdommar på nett. Kva konsekvensar kan det få?

Mange påverkarar (influensarar) bruker ulike filter, kameravinklar og redigeringsverktøy for å verke på ein bestemd måte når dei er frontstage. Når dei er backstage, lèt dei maska falle og slappar av, men også her kan dei ofte leggje ut bilete av seg sjølve. Det kan vere bilete utan sminke som viser ei meir ærleg og naturleg side. Desse bileta lèt oss få eit glimt bak scena, men i kva grad er slike bilde òg ei form for iscenesetjing?

Jente som blir utsett for mobbing via mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du og andre heile tida prøver å framstille dykk sjølve på best mogleg måte, vil det skape auka press og urealistiske forventningar. Det kan føre til at vi prøver å verke perfekte og feilfrie, og det kan føre til auka stress, fordi vi prøver å oppnå noko som ikkje er mogleg.

Vi er alle avhengige av stadfesting frå andre. Den måten andre vurderer oss på, er viktig for korleis vi vurderer oss sjølve. Viss vi opplever at vi først og fremst får stadfesting frå andre for utsjånad, kropp og prestasjonar, vil det påverke måten vi oppfattar oss sjølve på.

Korleis kan samanlikninga med andre på sosiale medium skape uvisse og press?

Samanlikningar med andre er viktig for korleis vi oppfattar oss sjølve. Sosiale medium kan gjere det lettare for ungdommar å samanlikne seg med andre på fleire ulike måtar:

  • Sosiale medium gjer det lettare å samanlikne deg med ungdommar som liknar deg sjølv. Det kan skape større press når du samanliknar deg med ungdommar på same alder og frå same stad.
  • Sosiale medium er opne heile døgnet og tilgjengelege heile tida. Det kan derfor vere vanskeleg å ta seg ein pause frå dei.

Eit anna kjenneteikn ved fleire sosiale medium er at du ofte har eit usynleg publikum. I motsetning til ein personleg samtale kan vi ikkje umiddelbart sjå korleis andre reagerer og tilpasse oss reaksjonane deira. Dette kan gjere det vanskelegare å vurdere om det vi legg ut er passande og interessant, noko som igjen kan føre til auka uvisse og stress.

Stress og sjølvbilete

Det er viktig å streke under at sosiale medium påverkar ungdommar på veldig ulike måtar. Mange opplever at sosiale medium ikkje bidreg til auka press og stress. Noko av det som påverkar opplevinga di av sosiale medium, er sjølvbiletet. Viss du har eit dårleg sjølvbilete, kan du vere meir sårbar og utsett, Du kan lese meir om korleis sjølvbildet påverkar deg i artikkelen under.

Relatert innhald

Sjølvbilete handlar om korleis du vurderer deg sjølv. Korleis oppfattar du deg sjølv, og korleis ønskjer du sjølv å vere?

Reflekter: Korleis kan du bruke sosiale medium til å motverke negativt press og stress?

Kjelder

Baker, C. N. (2018). ..med ordet «privat» foran så er alt greit. En diskursanalytisk utforsking av bildedeling som hverdagspraksis. (Mastergradsavhandling). Høgskolen i Søraust-Noreg, Bø.

Bakken, A., Slette, M.A. & Eriksen, I.M. (2018). Generasjon prestasjon? Ungdoms opplevelse av press og stress. Tidsskrift for ungdomsforskning 2-2018. https://utdanningsforskning.no/artikler/generasjon-prestasjon-ungdoms-opplevelse-av-press-og-stress/

Klomsten, A. T. (2018). Mediebruk, kropp og livsmestring i skolen. Mediepedagogikk og mediekompetanse. Danning og læring i en ny mediekultur. Oslo: Fagbokforlaget.

Ungdata. (2019, 23. januar). Stress, press og psykiske plager blant unge. Henta frå http://www.ungdata.no/nyheter/stress-press-og-psykiske-plager-blant-unge

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2020

Læringsressursar

Press og stress