Hopp til innhald

Fagartikkel

Kjønn, seksualitet og kropp: Grensesetjing

Korleis setje grenser for kroppen og seksualiteten din? Mange kan føle på eit sterkt press når det gjeld kva ein skal gjere og vere med på, og det er ikkje alltid like lett å setje grenser for seg sjølv og andre.

LK20
Eit par, fotografert utydeleg, står tett saman. Jenta held i ein utløysar. Foto.

Press på fleire plattformer og arenaer

Ulike typar press på kropp og seksualitet skjer på fleire ulike arenaer.

Press på å ha sex eller seksuell utforsking kan skje på festar eller i andre sosiale samanhengar. Samtidig veit vi at mykje av dette presset skjer i stadig større grad på sosiale medium. Dette presset inneber òg kroppspress i form av nakenbilete. Fleire og fleire får tilsendt uønskte nakenbilete, eller føler press til å dele nakenbilete sjølv. Ei undersøking frå 2020 viser at 42 prosent av unge mellom 13 og 18 år har fått nakenbilete, og mange får bilete på nett frå folk dei ikkje kjenner. Delen som får nakenbilete er høgast blant jenter.

Eit anna område handlar om skjellsord – både i form av skjellsord som blir slengt ansikt til ansikt, og på internett eller sosiale medium. Vi veit at skjellsord knytt til seksualitet, kjønn og kropp har vorte mykje meir vanleg.

Du bestemmer

Hugs at det er du sjølv som bestemmer om du vil vere med på ting som du føler press til å gjere, anten det gjeld å dele eller bli med på ting. Det er du sjølv som skal samtykkje å ha sex med nokon, og det er du sjølv som kan seie nei. Eit nei er alltid eit nei. Uansett.

Samtykke og ikkje-samtykke har vorte samanlikna med det å takke ja eller nei til te. Sjå denne videoen med Jonis Josef der te-videoen første gong har vorte omsett til norsk.

Lovene hjelper deg

Lovene våre hjelper deg mellom anna når det gjeld kva som er greitt å dele og ikkje. I straffelova kan du lese at det ikkje er lov å sende seksualiserte bilete til nokon under 16 år, eller til nokon over 16 år som ikkje har gitt samtykke til det. Har du ikkje samtykt til å få tilsendt til dømes eit dickpic, så er det ulovleg å sende det til deg. Det same gjeld om du sender nakenbilete av deg til nokon andre. Har du fått eit nakenbilete av kjærasten din eller sendt eit til hen, så kan det vere greitt, men hugs at du ikkje har lov til å dele det vidare. Tenk over kva som kan skje viss det blir slutt med kjærasten din, og du veit at vedkommande sit på nakenbilete av deg. Ville du synst at det er greitt?

Har du vorte pressa til sex utan samtykke, er dette valdtekt og blir straffa som seksuallovbrot etter straffelova. Det er òg eit seksuallovbrot om du blir pressa til å gjere andre seksuelle handlingar utan at det er gjennomført samleie.

Hugs at den seksuelle lågalderen i Noreg er 16 år. Dette er òg noko som er lovfesta i straffelova. Ho skal verne barn mot å bli utsett for seksuelle overgrep frå vaksne, og også bli verna frå å ha sex før dei sjølv er klare for det. Dette gjeld heller ikkje berre samleie, andre seksuelle handlingar er òg verna av den same lova om du er under 16 år. Viss du er under 16 år og har sex med nokon som er over 16 år, så kan han eller ho i verste fall blir straffa med fengsel. Samtidig blir det sagt at dette kan falle bort om dei som har hatt sex er omtrent like gamle i alder og utvikling.

Kjelder

Sist oppdatert 28.05.2020
Skrive av Inga Berntsen Rudi

Læringsressursar

Press og stress