Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein videoappell

Skriv ein overbevisande tale, og set han saman til ein videoappell. Når du skal påverke nokon, kan nemleg lyd og bilete bidra til å forsterke bodskapen din.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein videoappell?

Ein appell er ein kort og slåande tale som har som mål å overtyde mottakaren.
Dersom vi vil overtyde andre, må vi ikkje berre vite kva vi skal seie. Like viktig er det at vi veit korleis vi bør innleie og avslutte, og korleis vi legg fram argumenta våre i riktig rekkefølgje. Dette skal du lære meir om i denne oppgåva.

Ein videoappell består av ein skriven og innspelt tale, stillbilete og ulike lydkjelder. Ein videoappell kan forsterke bodskapen din, fordi du bruker ulike verkemiddel retorisk for å overtyde mottakaren. Stemmebruk, val av bilete og musikk kan påverke mottakaren i større grad enn ein vanleg tale.

Forarbeid

I forarbeidet må du finne ut kva talen skal handle om. Gjer gjerne research saman med andre. De kan til dømes lage ei undersøking for å finne ut kva som skaper press og stress blant ungdom på skulen dykkar.

De kan òg finne tal frå andre undersøkingar, som eksempelvis Statistisk sentralbyrå og Ungdata. Den årlege elevundersøkinga på din eigen skule kan òg vere eit utgangspunkt for å finne relevant statistikk.

Når du har bestemt deg for kva tema du vil jobbe vidare med, bør du tenkje gjennom kva målgruppe du vil snakke til. Skal du rette appellen mot medelevar, leiinga i skulen eller media? Andre? Bestem deg for målgruppe før du går vidare i prosessen.

Gruppe med ropert mot bekymra mann. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik lagar du ein videoappell

Skriv først ein tale. Følg denne oppskrifta:

  • Lag ei kort innleiing med forklaring av tema (stress og press på skulen).
  • I første avsnitt legg du vekt på å byggje etos (truverd).
  • I andre avsnitt appellerer du til logos (fornuft).
  • I tredje avsnitt prøver du å vekke patos (kjensler).
  • I siste avsnitt skal du oppsummere temaet. Avslutt gjerne med eit fengjande poeng!

Gjer lydopptak av talen din

Tenk på korleis du bruker stemma. Forsøk å tilpasse stemmebruken til innhaldet og mottakaren. Til dømes: Viss du snakkar for uformelt, kan du miste truverd viss målgruppa di er eldre. Du kan ta lydopptak på ein stille stad med ein telefon.

Finn passande bilete

Leit etter stillbilete som understrekar det du prøver å formidle i dei ulike delane av talen din. Tenk gjennom kva bilete du bør ha i innleiinga, kva som passar når du vil bygge truverd, eller spele på logos og patos? Du kan hente bilete på nettet, eller fotografere sjølv.

Finn passande lydkjelder

Legg til passande musikk og eventuelt andre lydkjelder. Tenk gjennom kva typar lydar som passar til appellen og bileta dine. Tenk gjennom kva kjensler du vil at målgruppa di skal sitje igjen med.

Set saman stemme, bilete og annan lyd

Her er det fint å bruke eit redigeringsprogram. Det finst mange ulike verktøy. iMovie, Adobe Premiere, MovieMaker og Lightworks er nokre av dei. Snakk med andre i klassen for å få tips til kva redigeringsverktøy de har tilgang til, og hjelp kvarandre med å finne det mest eigna.

Sjekk dette før visning:

  • Klarar eg å verke truverdig?
  • Er bileta med på å forsterke kjenslene eg prøver å vekkje?
  • Har eg med tal eller statistikk som stadfestar bodskapen min?
  • Bidrar val av musikk og lydkjelder til å forsterke det eg vil seie?


Når videoappellen er ferdig, kan du spele han av for klassen.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Press og stress