Hopp til innhald

Fagartikkel

Livsstil og hormonbalanse

Hormonproduksjonen i kroppen er eit svært dynamisk system som tilpassar seg behova våre og heile tida blir påverka av både indre og ytre faktorar. Dermed har livsstil stor betydning for hormonbalansen. Søvn, kosthald, døgnrytme, fysisk aktivitet og stress er nokre av faktorane som påverkar oss.

LK20
Ung kvinne ser på mobiltelefon i senga. Foto.

Hormonell dynamisk likevekt

Ein finger dyttar på ei skålvekt, slik at ho kjem i ubalanse. Illustrasjon.

Til kvar tid er det mange typar hormon som sirkulerer i kroppen vår, og vi kan ikkje fungere utan. Hormona regulerer væske- og saltbalansen, blodsukkeret, kjensla av å vere svolten eller mett, kroppsvekta, døgnrytmen, immunforsvaret og mykje meir. Men nokre gonger kan livsstilen vår føre til at det blir det ubalanse i hormonproduksjonen.

Likevekta av konstante fysiske og kjemiske forhold i det indre miljøet vårt kallar vi homeostase. Fleire organ, mellom anna hjarte, lunger og nyrer, bidreg saman med hormonregulering til å halde oppe homeostasen. Denne evna til å halde oppe stabilitet i kroppstemperatur, væskebalanse, blodsukker, pH og mykje meir gjer oss i stand til å fungere sjølv om dei ytre påkjenningane kan variere.

Søvn

Ung mann ligg i senga og geispar. Foto.

Vi menneske søv nesten ein tredjedel av livet, men veit du kva søvnen gjer med kroppen din?

Når du søv, går det føre seg mange viktige prosessar som ryddar etter dagens aktivitetar, lagrar erfaringar, reparerer skadar og klargjer kroppen din til neste dag. Dette har mellom anna betydning for læring, konsentrasjonsevne, forbrenning og fysisk yteevne. Mangel på søvn kan skade hormonbalansen, gi fordøyingsproblem og gjere oss langt meir utsette for infeksjonar, depresjon og skadar.

Klokke lagd over ansiktet på kvinne. Abstrakt bilete som skal illustrere menneskelege biorytmar. Illustrasjon.

Produksjonen av hormonet melatonin blir stimulert av mørke og gjer oss trøytte mot kvelden. Sidan dagslys hemmar produksjonen, vil svingingane i melatoninnivået gi oss ei kjensle av døgnrytme.

Mot kvelden og om natta aukar produksjonen av hormonet melatonin i . Det gjer oss trøytte. Produksjon av melatonin blir stimulert av mørke og hemma av dagslys, og gir oss ei kjensle av døgnrytme. Denne døgnvariasjonen kjem av eit nervesamband mellom auga og epifysen.

Auga får lyssignal som ved hjelp av nervesystemet blir førte vidare til hjernen. Når det blir mindre dagslys, vil epifysen setje i gang produksjon av melatonin, slik at du blir trøytt.

Produksjonen av melatonin er størst i barne- og ungdomsåra og minkar med alderen. Det blir produsert meir om vinteren enn om sommaren, men kunstig lys kan påverke melatoninproduksjonen, og dermed søvnen vår.

Gode råd for søvnkvalitet
  • Senk temperaturen på soverommet.

  • Unngå høg lyd, sterkt lys og skjermbruk før sengetid.

  • Unngå tunge måltid seint på kvelden, men gå heller ikkje svolten til sengs.

  • Avslutt fysiske krevjande aktivitetar i god tid før sengetid.

  • Ro ned for å senke stressnivået før sengetid! Skriv eventuelt ei hugseliste i staden for å gruble over bekymringar og hastesaker som du må hugse.

  • Unngå alkohol som sovemiddel. Alkohol kan gjere det lettare å sovne, men gir uroleg søvn og dårleg søvnkvalitet.

Tenk gjennom

  • Korleis er søvnvanane dine?

  • Sjekk søvnråda både i denne artikkelen og frå andre kjelder. Kva er grunngivinga for desse råda?

  • Drøft gjerne med ein medelev.

Kortisol – prestasjon og stress

Karsten Warholm viser god spenst, styrke og teknikk ved å strekkje bein og motsett arm godt ut når han passerer hekken. Foto.

Karsten Warholm i eit kvalifiseringsheat i 400 meter hekk på Khalifa Stadium i Doha i 2019

Stress får til å skilje ut stresshormona , . Desse hormona aukar prestasjonsevna, gir oss ekstra energi og skjerpar konsentrasjonen. Det gjer at vi kan yte maksimalt når vi treng det.

Denne eigenskapen var livsviktig for forfedrane våre, som levde under meir fysisk krevjande forhold enn vi gjer. Eigenskapen var til dømes nyttig viss ein var på jakt og kom i nærkontakt med rovdyr. Slik stressrespons er positiv i korte periodar, og han er grunnleggjande for mange idrettsprestasjonar, men han slit oss ut og gir søvnproblem viss han varer over lengre tid.

Kronisk stress med forhøgd kortisolnivå

Ein mann sit framfor ein dataskjerm og riv seg i håret. Foto.

Viss oppgåver, problem eller forventningar over tid aukar meir enn vi trur vi kan handtere, kan det oppstå ein kronisk stressituasjon som går ut over helse og prestasjonsevne på fleire måtar.

I periodar kan vi oppleve at det hopar seg opp med ugjorde oppgåver, forventningar eller problem, slik at vi får ei kjensle av å ikkje strekkje til. Presset fører til at kroppen mobiliserer til kamp med høge nivå av stresshormon. Men vi får ikkje fysisk utløp for den ekstra energien og styrken, slik desse hormona har rusta oss til gjennom evolusjonen.

Viss stresset og kortisolnivået blir verande høgt over tid, skaper det kronisk stress, som kan ha fleire uheldige effektar på helsa:

  • Hormonet kortisol får blodsukkeret og blodtrykket til å stige. Det aukar risikoen for diabetes og sjukdom i arteriane.

  • Kortisol svekkjer immunforsvaret og gjer oss meir utsette for infeksjonar.

  • Produksjonen av beinvev og bindevev blir hemma av kortisol.

  • Kortisol har ein nedbrytande effekt på skjelettmuskulaturen.

  • Kortisol påverkar utskiljinga av mineral i nyrene.

  • Vedvarande stress kan hemme læring og svekkje minnet.

  • Kortisolnivå i ubalanse kan òg gi psykisk sjukdom, til dømes depresjon.

Tenk gjennom

  • Korleis vil du definere stress?

  • I kva situasjonar opplever du at stressnivået aukar prestasjonsevna?

  • Kva kan føre til at du opplever kronisk stress?

  • Kva kan du gjere for å unngå kronisk stress?

Rusa på eigne hormon

Ungt kjærastepar. Han held rundt ho. Foto.

I periodar av livet kan vi oppleve at hormona "bruser" i kroppen utan at vi kan styre det med viljen. Forelsking kan gi ei oppleving av intens lykke og velvære uansett alder, men kjensla kan vere ekstra intens i puberteten. Det kjem av at hormona dopamin, serotonin og endorfin utløyser ein naturleg rus i kroppen.

Fysisk aktivitet og endorfin (kroppen sin eigen morfin)

Kvinne på sykkel smiler breitt. Foto.

Vi veit at fysisk aktivitet har mange positive effektar på helsa vår. Til dømes kan det redusere stress, føre til at vi søv betre, og redusere faren for hjarte- og karsjukdommar og diabetes.

I tillegg kan fysisk aktivitet ha ein smertelindrande effekt, gi auka velvære og ei kjensle av godt humør og lykke. Denne effekten av fysisk aktivitet kjem frå endorfin, som vi produserer naturleg i kroppen. Endorfina bind seg til opiatreseptorar i hjernen og har ein liknande effekt som andre opiat (morfin). Dei dempar aktivitetar i hjernen som er forbundne med angst, smerte og ubehag. Samtidig stimulerer dei påskjøningssenteret, der endorfina gir ei kjensle av velvære, lykke og eufori.

Når ein løpar kan kome inn i ein herleg flyt, få ei kjensle av å flyge og føle seg uslåeleg (kjend som "runner's high"), forstår vi at løping kan gi meirsmak.

Tenk gjennom

  • Kan ein bli avhengig av trening?

  • Har omgrepet "treningsnarkoman" noko for seg?

Dopamin, påskjøning og avhengigheit

To nerveceller og ei forstørring av kontaktpunktet mellom dei. Illustrasjon.

Signalstoffet dopamin overfører nervesignal frå éi nervecelle til ei anna, spesielt i motivasjons- og påskjøningssenteret i hjernen.

Dopamin overfører signal mellom nerveceller. Høgt dopaminnivå gir ei kjensle av påskjøning, glede og velvære ved at det forsterkar nerveimpulsane til påskjønings- og motivasjonssystemet i hjernen og gir oss lyst til å halde fram eller gjenta opplevinga.

Forelsking, sex, sjokolade og fysisk aktivitet er døme på aktivitetar som fører til auka utskiljing av dopamin og aktivering av påskjøningssenteret. Det same gjeld dataspel og pengespel.

Dopamin er sentralt i avhengigheit, sidan dopaminmengda aukar kraftig og gir oss ei kjensle av velvære og glede når vi oppnår det vi vil. Ved rusopplevingar er dopamin det viktigaste transmitterstoffet.

Serotonin er eit anna signalstoff som har betydning for sinnsstemninga vår. Serotonin blir frigjort ved glede, engasjement og lidenskap.

Tenk gjennom

I kva situasjonar trur du at dopamin kan bidra til å skape avhengigheit? Kan du finne både positive og negative effektar?

Kjelder

Berg, J. P. og Otterholt, E. (2020, 15. september). Kortisol. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/kortisol

Boccara, C. (2021, 30. mars). Søvn. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/søvn

Carlsen, C. (u.å.). Derfor får du en god følelse etter trening. Tine.no. Henta 6. november 2021 frå https://www.tine.no/merkevarer/yt/skadeforebygging-og-restitusjon/derfor-f%C3%A5r-du-en-god-f%C3%B8lelse-etter-trening

Flinterud, G. (2019, 2. mai). Hormonene raser i kroppen. Med.uio.no. Henta 6. november 2021 frå https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/aktuelt/aktuelle-saker/2016/hormonene-raser-i-kroppen.html

Hassel, B. (2021, 13. august). Dopamin. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/dopamin

Letnes, O. (2007, 30. mai). Rusa på kroppens egne stoffer. Forskning.no. Henta 6. november 2021 frå https://forskning.no/sport-stress-hjernen/rusa-pa-kroppens-egne-stoffer/1000508

Nguyen, T. (2020, 7. mars). Endorfin. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/endorfin

Svartdal, F. og Malt, U. (2021, 30. mars). Stress. I Store norske leksikon. https://snl.no/stress

Sist oppdatert 27.10.2021
Skrive av Kristin Bøhle

Læringsressursar

Press og stress