Hopp til innhald

Fagstoff

Saman om stressmeistring

Stressmeistring handlar ikkje berre om kva du åleine kan gjere for å takle stress, det handlar òg om kva de kan gjere saman. For å minske press og negativt stress er det viktig at elevane, klassen og læraren jobbar på lag.
Ungdommer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar dag møter vi ei rekkje små og store utfordringar. For å takle desse utfordringane mobiliserer kroppen vår energi og krefter, og denne reaksjonen kallar vi stress. Viss du til dømes skal halde ei framføring på skulen og kjenner at du blir stressa, så er det berre kroppen som førebur seg på å takle ei utfordring.

Ofte kan miljøet rundt deg vere med på å skape stress, men det er ofte òg her du kan finne nøkkelen til å meistre stresset på ein god måte. Saman med venner, familie, skulekameratar og lærarar kan du skape eit miljø med mindre negativt stress.

Stress og meistring

Når vi klarer å løyse dei utfordringane vi står overfor, er stresset positivt. Viss stresset får deg til å jobbe hardt føre ei prøve, og du får ho til ganske bra, hjelper det positive stresset deg å meistre ei vanskeleg utfordring, og du kan slappe av etterpå.

Når vi derimot ikkje klarer å meistre dei utfordringane vi står overfor, er stresset negativt. Viss du til dømes ikkje får til skulearbeidet slik du ønskjer, kan stresset bli ei belastning som det kan vere vanskeleg å ta ein pause frå. Dette stresset er usunt og viss det varer over lengre tid, kan det vere skadeleg.

Ifølgje psykologen Magnus Nordmo er nøkkelen til å meistre stress di eiga oppleving og tru på at du kan løyse oppgåvene du står overfor. Dette kjem ikkje av seg sjølv, men krev at du øver på det som gjer deg usikker. Då vil du få meistringserfaringar og bli tryggare på at du kan løyse liknande oppgåver i framtida. Det kan ofte vere nyttig å øve på desse oppgåvene saman med andre.

Kva kan elevar gjere saman for å minske stress?

Det er mykje de kan gjere saman i klassen for dempe stress og meistre sosiale og faglege utfordringar.

For det første kan de hjelpe kvarandre å meistre faglege utfordringar både i og utanfor klasserommet. De kan øve saman til prøver, gi kvarandre nyttige råd om korleis de kan løyse oppgåver, tipse kvarandre om ulike framgangsmåtar og forklare fagstoffet for kvarandre.

Gruppe av unge menneske som sit rundt eit bord og les i ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For det andre kan de gi kvarandre støtte og oppmuntring. Når nokon fortel om utfordringane sine, kan de lytte og vise forståing og sympati. Det kan til dømes vere ein lette å høyre at andre òg har slite med ei innlevering og at det gjekk lettare når ein først kom i gang.

De kan òg hjelpe kvarandre å revurdere situasjonen på ein meir konstruktiv måte. Viss ein i klassen er i ferd med å gi opp fordi han eller ho ikkje føler at dei får til nokon ting, kan de til dømes hjelpe dei til å fokusere på alt det dei kan, og alt det dei har fått til tidlegare.

Lærer og elever jobber sammen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva kan lærar og elevar gjere saman for å meistre press og stress?

Klassemiljøet er noko elevar og lærarar skaper saman, og det kan ha stor tyding for opplevinga av press og stress. Vi kan skilje mellom eit meistringsorientert og eit prestasjonsorientert læringsmiljø.

  • I ein klasse med eit prestasjonsorientert klima er elevane først og fremst opptekne av å vise det dei kan. Korleis du presterer er det viktigaste, og dei flinkaste får mest merksemd. Elevar er opptekne av å samanlikne seg med kvarandre, og dei er redde for å feile fordi det viser at dei manglar kunnskap.
  • I ein klasse med eit meistringsorientert klima er elevane først og fremst opptekne av å lære og utvikle kunnskapen sin. Det viktigaste er din eigen innsats og å utforske og forstå det du skal lære. I eit slikt klima blir feil sett på som ein nødvendig del av det å lære noko nytt.

Forsking viser at elevar i eit prestasjonsorientert klassemiljø opplever meir press og stress og har meir negative kjensler knytt til skulen. Dei elevane som presterer dårleg blir ekstra sårbare, og det er fleire som utset oppgåver. Det er òg fleire elevar som ikkje søkjer hjelp viss dei møter utfordringar og som derfor ikkje får støtte til å dempe stresset.

Elevar i eit meistringsorientert klassemiljø har meir positive kjensler overfor skulen og opplever mindre press og stress. Dei vel meir utfordrande oppgåver og meir effektive meistringsstrategiar viss dei møter eit nederlag.

Kva kan læraren gjere for å minske stress?

Viss du opplever mykje press og negativt stress på skulen, er det mykje læraren kan gjere for å hjelpe. Han eller ho kan minske negativt stress ved å skape gode relasjonar og hjelpe deg å setje realistiske mål. Læraren kan òg gi deg konstruktive tilbakemeldingar, tilpassa undervisning og støtte og oppmuntre deg i skulekvardagen din.

Når vi opplever auka føreseielegheit og kontroll, får vi større tru på at vi kan meistre dei utfordringane vi står overfor. Lærarar kan bidra til dette ved å leggje planar og gi føreseielege prøver. Dei kan òg samarbeide med dei andre lærarane på trinnet om vurderingar og innleveringar.

Viss de får vere med på å bestemme rammene for viktige vurderingar, som til dømes tidspunkt, arbeidsmetode og varigheit, kan det òg gi dykk større tru på eigne moglegheiter og dempe stress. Læraren kan òg senke dei faglege krava i periodar, slik at du opplever meistring, og så gradvis auke krava i takt med at du lærer meir og meir.

Lærar underviser i klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ti tips til læraren for å minske stress
  • Stimuler elevane til å ha fokus på innsats, forståing og utvikling av eigen kompetanse.
  • Demp samanlikning av prestasjonar mellom elevar. Hjelp eleven til å sjå sin eigen framgang og utvikling.
  • Legg til rette for eit læringsmiljø der også det å gjere feil blir oppfatta som kjelde til læring.
  • Gi elevane rom for å gjere eigne val i skulearbeidet.
  • Sett konkrete og realistiske mål saman med eleven.
  • Skap eit føreseieleg læringsmiljø.
  • Gi elevane god oversikt over tidsfristar for innleveringar og tidspunkt for vurderingssituasjonar.
  • Legg til rette for eit miljø der elevane veit at konstruktiv støtte og hjelp er tilgjengeleg både frå lærarar og medelevar.
  • Gi eleven tru på eigne ressursar gjennom tilpassa oppgåver. Det gjeld òg leksene.
  • Ver medviten på at du byggjer ein relasjon til kvar enkelt elev som ikkje er på vilkår av prestasjonen til eleven. Eleven treng at du verdset han/ho som person, ikkje berre for prestasjonane som blir oppnådde.

Henta frå Utdanningsnytt, 2. september 2019. Publisert med løyve frå professor Eivind Bru.

Denne artikkelen er skriven i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

Bru, E. & Roland, P. (red). (2019). Stress og mestring i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.

Utdanningsnytt (2019, 2. september). Slik hjelper du elevene med å takle stress og prestasjonsangst. Henta frå https://www.utdanningsnytt.no/laererrollen-psykisk-helse/slik-hjelper-du-elevene-med-a-takle-stress-og-prestasjonsangst/210888

CC BY-SASkrive av Magnus Nordmo, Karl Henrik Aanesen og Camilla Øien .
Sist fagleg oppdatert 27.05.2020

Læringsressursar

Press og stress