Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ei leddsetning?

I denne teksten kan du lese meir om kva ei leddsetning er, og kva for ei rekkefølge ledda skal ha i enkle leddsetningar.
Tre ungdommar sit saman ute i friluft ved eit vatn. Den eine jenta snur seg bakover og ser inn i kamera, mens dei to andre er vende framover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbal.
Subjekt
Subjektet er den som handlar i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Adverbial
Adverbialet seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring "fort"). I den siste setninga er "fort" adverbial.
Heilsetning
Heilsetningar kan stå åleine og gi meining. På norsk må nesten alle heilsetningar ha eit subjekt og eit verbal: "Han går." I denne setninga er "Han" subjekt og "går" verbal.
Leddsetning
Leddsetningar er setningar som ikkje kan stå åleine. Eit døme er setninga "fordi vi er sjuke". Vi kjenner leddsetningar igjen ved at dei startar med ein , som til dømes at, når, fordi, då...
Ordstilling
Ordstilling er rekkefølga orda kjem i i ei setning. Ulike språk har ulike reglar for ordstilling.
V2-regelen
V2-regelen beskriv at verbalet skal stå på andreplass i vanlege heilsetningar i norsk språk: "Eg et no" og "No et eg". I desse to setningane er "et" verbal. Legg merke til at subjektet "eg" flyttar seg bak verbalet "et" i den siste setninga. Årsaka er altså V2-regelen.

Kva er ei leddsetning?

Ei leddsetning er ei setning som ikkje gir meining om ho står åleine. Sjå til dømes på desse to setningane:

  • at han ville reise

  • fordi han er sjuk

Fem ungdommar på ein flyplass. Dei har med seg bagasje, og noko av bagasjen er plassert på ei bagasjetralle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingen av dei er forståelege utan at vi legg til noko. Årsaka er at dei er leddsetningar. Ei leddsetning må ha litt meir for at vi skal forstå kva ho betyr. Vi må legge til ei :

  • Han sa at han ville reise.

  • Fordi han er sjuk, kjem han ikkje.

Subjunksjonar

Leddsetningar blir innleidde av subjunksjonar. Subjunksjonar er småord som fordi, at, viss, når, og som.

Eit anna namn på desse er underordningsord. Det betyr at dei ordnar leddsetninga under heilsetninga. For ofte er det slik at heilsetninga har den viktigaste informasjonen, mens leddsetninga har informasjon i tillegg.

Ei gruppe ungdommar tek ein selfie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire subjunksjonar

då, når, viss, dersom, mens, etter at, før, fordi, om, endå, sjølv om, at, for at, slik at, slik som

Kvar kan leddsetninga stå?

Leddsetninga kan stå både først og sist i ei setning:

  • Viss du ikkje kjem, blir eg lei meg. (Leddsetninga "Viss du ikkje kjem" står først).

  • Eg blir lei meg viss du ikkje kjem. (Leddsetninga "viss du ikkje kjem" står sist).

Komma eller ikkje?

Når leddsetninga står først i setninga, skal det vere komma. Når leddsetninga står sist, skal det ikkje vere komma:

  • Då han flytta, blei kona igjen. (Leddsetninga "Då han flytta" står først).

  • Kona blei igjen då han flytta. (Leddsetninga "då han flytta" står sist).

Ordstilling

Leddsetningar har ei litt anna ordstilling enn heilsetningar.

Heilsetningar

I heilsetningar kan adverbialet både stå sist og først i setninga. Når vi flyttar adverbialet først, må vi hugse å setje verbalet på andreplass (V2-regelen):

  • Eg er mett no. (I denne setninga står adverbialet "no" sist).

  • No er eg mett. (I denne setninga står adverbialet "No" først).

Leddsetningar

Men i leddsetningar er ordstilling veldig fast. Ledda skal alltid stå slik: Subjunksjonsubjekt – verbal.

  • Fordi eg åt middag, er eg mett no. (I leddsetninga "fordi eg åt middag" står subjunksjonen "fordi" først, deretter subjektet "eg" og til slutt verbalet "åt".)

Ord som strøymer ut av eit hovud. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men kva med setningsadverbialet?

Setningsadverbialet, slik som ikkje, kanskje og ofte, står alltid før verbalet i leddsetningar. Men det skal du lære om i trinn 9 av denne læringsstien.

V2-regelen når leddsetninga er først

Det er òg noko anna du må legge merke til når det gjeld ordstilling. Sjå til dømes på kva som skjer med subjektet og verbalet i heilsetninga i desse to setningane, der "eg" er subjekt og "blir" er verbal i begge heilsetningane:

  • Når eg syklar, blir eg glad.

  • Eg blir glad, når eg syklar.

Når leddsetninga står først, skal verbalet stå rett etter komma. Men når leddsetninga står sist, skal verbalet på andreplass.

V2-regelen

Årsaka er . I setninga med leddsetning først blir leddsetninga rekna som eitt ledd. Siden verbalet må på andreplass i heilsetningar, skal det stå etter leddsetninga.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage enkle leddsetningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar