Hopp til innhald
Fagartikkel

"Det" i at-setningar og infinitivskonstruksjonar

Kvifor høyrest det mykje betre ut å seie "Det er fint at ho kjem" enn "At ho kjem, er fint"? Her kan du lese meir om korleis norsk bruker ordet "det" som subjekt framfor at-setningar og infinitivskonstruksjonar

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Subjekt
Subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Infinitivskonstruksjon
Ein infinitivskonstruksjon er ei setning med "å". Døme er "Å hoppe strikk er gøy" eller "Liker du å danse?". I desse setningane er "Å hoppe strikk" og "å danse" infinitivskonstruksjonar.
At-setningar
At-setningar er setningar som startar med subjunksjonen "at". Eit døme er "Eg veit at han er snill". At-setningar er leddsetningar, altså setningar som ikkje kan stå åleine.
Ledd
Eit ledd er her det same som eit setningsledd. Setningsledda er dei ulike delane i ei setning. I setninga "Den vesle jenta et eit eple" er det tre ulike (setnings)ledd: "Den vesle jenta" er subjekt, "et" er verbal, og "eit eple" er direkte objekt.

Dette er ein del av ein læringssti om det-setningar. Gå til fagartikkelen "Det-setningar" for å finne det første steget i stien.

Tunge ledd skal sist i setninga

På norsk er det mogleg å seie desse to setningane:

  • Å sove godt er sunt.

  • At ho kjem, er bra.

"Å sove godt" er ein , mens "At ho kjem" er ei . I desse to setningane er "Å sove godt" og "At ho kjem" i setningane.

Men det er betre å seie:

  • Det er sunt å sove godt.

  • Det er bra at ho kjem.

Årsaka er at tunge skal sist i setninga på norsk. Tunge ledd er ledd som inneheld mange ord, slik som "å sove godt" og "at ho kjem". Desse bør helst ikkje vere subjekt i setninga.

"Det" er lett

Derfor bruker norsk "det" som subjekt. "Det" er ikkje tungt. Derfor høyrest til dømes setninga "Det er bra at ho kjem" mykje betre ut enn "At ho kjem, er bra".

Formelt subjekt og eigentleg subjekt

Når "det" står som subjekt, seier vi at "det" er formelt subjekt, mens leddet som det formelle subjektet viser til, er eigentleg subjekt.

I setninga "Det er bra at ho kjem" er "Det" formelt subjekt, "er" er verbal, og "at ho kjem" er eigentleg subjekt.

Altså: Vanlegvis når vi skal finne subjektet i ei setning, spør vi: "Kven handlar i setninga?" Her vil vi spørje: "Kva er bra?" Svaret er: "At ho kjem". Dette er altså subjekt. Men sidan vi bruker "Det" der subjektet bruker å stå, kallar vi det formelt subjekt.

Fleire døme

På norsk er det veldig vanleg å lage setningar med "det" og at-setningar eller infinitivskonstruksjonar. Derfor er det lurt å lære seg dette. Her ser du nokre fleire døme:

  • Det er så dumt at han er blitt sjuk. ("at han er blitt sjuk" er ei at-setning.)

  • No blir det greitt at han kjem. ("at han kjem" er ei at-setning.)

  • Det var lettare at han tok kofferten. ("at han tok kofferten" er ei at-setning.)

  • Det er fint å studere saman. ("å studere saman" er ein infinitivskonstruksjon.)

  • Det blir så koseleg å reise til Spania. ("å reise til Spania" er ein infinitivskonstruksjon.)

  • I går var det hyggeleg å sjå han. ("å sjå han" er ein infinitivskonstruksjon.)

Gå vidare i læringsstien for å øve på "det" i at-setningar og infinitivskonstruksjonar.

Relatert innhald