Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på V2-regelen

V2-regelen er spesiell for norsk og handlar om kvar verbet skal stå i setninga. Derfor vil nesten alle som skal lære seg norsk, trenge å øve på denne regelen. I denne ressursen skal du øve deg på V2-regelen i enkle setningar.
Setningar med adverbial, verbal og subjekt. Eksempelsetningar: "I går sov eg" og "Eg sov i går". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du gjer desse oppgåvene, kan du lese artikkelen "Forstå V2-regelen".

Del 1: Setningar med eit verb

Oppgåve A

Dra orda øvst ned til rett boks. Målet er å setje orda i rett rekkefølge, slik at det blir ei god setning.

Du skal starte alle setningane med adverbialet – altså som seier noko om når eller kvar noko skjer.

Nokre av boksane inneheld tips som skal hjelpe deg med å plassere hjelpeverbet og hovudverbet på rett plass. Tipsa er dei små blå i-knappane.

Oppgåve B

I setningane under er orda i feil rekkefølge. Skriv dei inn i rett rekkefølge i boksen til høgre. Det første ordet i setninga står der allereie. Fyll ut resten.

Del 2: Heilsetningar med to verb

Studer dei to setningane med fargar under og legg merke til kvar du skal plassere subjektet og verbala i setningar med to verbal (eit hjelpeverb og eit hovudverb). Legg merke til at:

  1. Når subjektet (eg) står først, skal dei to verba (skal dra) vere etter kvarandre.

  2. Når adverbialet (no) står først, skal subjektet (eg) stå etter hjelpeverbet (skal).

Heilsetning med subjekt, to verb og adverbial. Eksempelsetningar: "Eg skal dra no" og "No skal eg dra". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve A

Plasser orda i rett rekkefølge ved å dra dei til rett boks nedst. Dei små blå i-knappane skal hjelpe deg med å plassere hjelpeverbet og hovudverbet på rett plass.

Plasser orda i rett rekkefølge ved å dra dei til rett boks nedst. Nokre av boksane inneheld tips som skal hjelpe deg med å plassere hjelpeverbet og hovudverbet på rett plass. Tipsa er dei små blå i-knappane.

Oppgåve B

Del 3: Skriv sjølv!

  1. Skriv ein kort tekst om kva du gjorde i går. Prøv å starte flest mogleg setningar med orda under. Hugs å ha verbalet framfor subjektet.

  2. Les tekstane høgt for kvarandre i grupper og gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å følge V2-regelen.

Start setningane dine med desse orda. Hugs V2-regelen!

  • I går...

  • På morgonen...

  • Til frukost...

  • Etterpå...

  • Så...

  • Etter det...

  • Seinare...

  • Til middag...

  • På kvelden...

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2023

Læringsressursar

Lag setningar