Hopp til innhald

Fagstoff

Subjekt, verbal og objekt

Kvar skal setningsledda stå når setninga har subjekt, verbal og objekt?
Jente og gut som ler og smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av (eit ledd i) ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. Setninga "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten", "åt" og "eit kokt egg".
Subjekt
Subjekt er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: I setninga "Nina kjøpte jakka i går" er "Nina" subjekt.
Verbal
Verbal er det setningsleddet som viser handling: I setninga "Nina kjøpte jakka i går" er "kjøpte" verbal.
Objekt
Objekt er det setningsleddet handlinga er retta mot: I setninga "Nina kjøpte jakka i går" er "jakka" objekt.

Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen Kva er ei heilsetning?

Norsk – eit SVO-språk

Norsk er eit SVO-språk. Det betyr at i skal rekkefølgene på setningsledda vere slik:

Norsk – eit SVO-språk

SUBJEKT

VERBAL

OBJEKT

Dei

kjøperpizza

Bror min

spelersjakk
Den søte hundenlikerhundemat

Dette gjeld altså berre setningar med dei tre ledda subjekt, verbal og objekt. Andre språk kan ha ei anna rekkefølge på setningsledda. Til dømes er SOV ei vanlegare rekkefølge i verdas språk enn SVO.

Gå vidare i læringsstien for å lage setningar med subjekt, verbal og objekt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar