Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på upersonlege det-setningar

Øv på å lage gode setningar når "det" er subjekt. I denne oppgåva skal du sjekke ut kva du kan om upersonlege det-setningar.

Dette er ein del av ein læringssti om det-setningar. Gå til fagartikkelen "Det-setningar" for å finne første trinnet i stien.

Oppgåve 1. Samanlikn norsk og førstespråket ditt

Fire jenter snakkar engasjert saman rundt eit bord i eit klasserom. Dei har pc, notatblokker og blyantar framfor seg på pultane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norsk har . Derfor tek "det" plassen til subjektet i setningar som ikkje har eit tydeleg subjekt. Det er grunnen til at det heiter:

  • Det regnar. I denne setninga er "det" subjekt og "regnar" verbal.

  • Det bankar på døra. I denne setninga er "det" subjekt, "bankar" verbal og "på døra" adverbial.

  • Det gjer vondt i kneet. I denne setninga er "det" subjekt, "gjer" verbal, "vondt" direkte objekt og "i kneet" adverbial.

  1. Omset dei tre setningane over til førstespråket ditt.

  2. Analyser setningane på førstespråket, slik det er gjort over (finn subjekt, verbal, adverbial og direkte objekt), og samanlikn dei med dei norske setningane.

  3. Samanlikn med språket til ein medelev. Klarer de å finne ut om førstespråket dykkar har subjekttvang?

  4. Alle elevane i klassen skriv setningane på førstespråket sitt på tavla. Diskuter om nokre av språka har subjekttvang.

Oppgåve 2. Lag det-setningar

Sit i par. Sjå på biletet under og lag ein det-setning de synest passar til biletet. Bruk ordet/orda under biletet i setningane dykkar. Snu så kortet for å sjå forslag til setning.

Oppgåve 3. Det-setningar med adverbial

I denne oppgåva skal du lage det-setningar på to måtar. Først med "det" først, så den same setninga med eit adverbial først. Hugs !

Trekk orda til rett boks.

Oppgåve 4. Skriv det-setningar

Gå vidare i læringsstien for å lære om presenteringssetningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2024

Læringsressursar

Lag setningar