Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ei heilsetning?

Viss du skal lage gode heilsetningar, må du først vite kva det er. I denne artikkelen får du ei kort innføring i kva ei heilsetning er.
Hand som skriv med kulepenn på papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:

Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.
Subjekt
Subjektet er den som handlar i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Heilsetning
Heilsetninga kan stå åleine og gi meining. På norsk må nesten alle heilsetningar ha eit subjekt og eit verbal. I setninga "Han går" er "han" subjekt og "går" verbal.
Leddsetning
Leddsetningar er setningar som ikkje kan stå åleine (døme: "fordi vi er sjuke"). Vi kjenner dei igjen ved at dei startar med ein , som til dømes at, når, fordi, då...

Kva er ei heilsetning?

Ei heilsetning er ei setning som kan stå åleine. Til dømes er desse to setningane heilsetningar:

  • Eg kjøpte kjolen.

  • Han gav meg ei gåve.

Men denne setninga er ikkje ei heilsetning:

  • fordi ho var så fin

Årsaka er at ho ikkje gir meining når ho står åleine. Dette er altså ei leddsetning. For at ho skal gi meining, må ho stå saman med ei heilsetning:

  • I "Eg kjøpte kjolen fordi han var så fin" er "Eg kjøpte kjolen" heilsetning og "fordi han var så fin" leddsetning.

Nedre del av kroppen til ei dame. Ein raud kjole med kvite prikkar blir vist, i tillegg til svart strømpebukse og gule sko med raud-og kvitprikkete sløyfer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei heilsetning må ha subjekt og verbal

For at ei heilsetning skal vere rett, må ho ha eit subjekt og eit verbal. Her kjem tre døme på heilsetningar. Dei har både subjekt og verbal.

  • I setninga "Anna kjem i morgon" er "Anna" subjekt og "kjem" verbal.

  • I setninga "Det regnar" er "det" subjekt og "regnar" verbal.

  • I setninga "Adam og Ahmed er i byen" er "Adam og Ahmed" subjekt og "er" verbal.

Men i setningane under manglar det anten subjekt eller verbal. Dei er altså ikkje heilsetningar:

  • Kjem i morgon (manglar subjekt)

  • Skal ikkje sove no (manglar subjekt)

  • Ho i byen (manglar verbal)

Unntak

Det er nokre typar heilsetningar som ikkje treng subjekt og verbal. Til dømes er det ikkje sånne krav til bydesetningar. Bydesetningar er setningar som vil be nokon om å gjere noko:

  • Kom!

  • Gå!

Viss du går vidare i læringsstien, vil du lære meir om korleis du skal bygge opp ei heilsetning, og når du skal bruke punktum.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar