Hopp til innhald

Fagstoff

Setningar med adverbial

Kva er eit adverbial, og kvar i setninga skal adverbialet stå?
Ei kvinne sit og ser ut av togvindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av (eit ledd i) ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. Setninga "Gutten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten", "åt" og "eit kokt egg".
Preposisjon
Ein preposisjon er ein ordklasse med små ord du ikkje kan bøye. Ofte seier dei noko om kvar noko er: I uttrykket "under bordet" er "under" preposisjon. I uttrykket "ved sida av hunden" er "ved sida av" preposisjon, og i uttrykket "oppå bordet" er "oppå" preposisjon.
Preposisjonsuttrykk
Eit preposisjonsuttrykk er eit setningsledd som startar med ein preposisjon: "på bordet", "under bordet", "i kassa".

Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"

Kva er eit adverbial?

Adverbial er som seier noko om

  • når noko skjer: I setninga "Eg besøkte Oslo i går" er "i går" adverbial.

  • kvar noko skjer: I setninga "Han søv i senga si" er "senga si" adverbial.

  • korleis noko skjer: I setninga "Dei snakkar høgt" er "høgt" adverbial.

Preposisjonsuttrykk

Mange adverbial er . Eit preposisjonsuttrykk er eit setningsledd som startar med ein . Vi kan beskrive biletet under med desse tre setningane med preposisjonsuttrykk:

  1. Bringebæra ligg i skåla. Preposisjonsuttrykket er "i skåla".

  2. Eplejusen står ved sida av mangoen. Preposisjonsuttrykket er "ved sida av mangoen".

  3. Servietten ligg på bordet. Preposisjonsuttrykket er "på bordet".

Eit dekt bord med bær, frukt og gul drikke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar skal adverbialet stå?

Norsk har faste reglar for kvar setningsledd skal stå i ei setning. Viss du ser på setningane over, ser det ut som adverbialet må stå sist i setninga. Men faktisk er adverbialet eit av setningsledda som det er lov å flytte rundt i setninga. Til dømes er desse setningane òg rette på norsk:

  • I setninga "I går sov eg" er "i går" adverbial.

  • I setninga "I skåla ligg bringebæra" er "i skåla" adverbial.

  • I setninga "Ved sida av mangoen" står eplejusen" er "ved sida av mangoen" adverbial.

  • I setninga "På bordet ligg serviettane" er "på bordet" adverbial.

Når vi flytter setningsleddet fram slik, leddet som er først.

Setningsledd: subjekt, verbal, objekt og adverbial. Eksempelsetningar: "Adam et pizza i dag" og " I dag et Adam pizza". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidsadverbial først eller sist?

Tidsadverbial står vanlegvis anten heilt først eller heilt sist i setninga. Sjå på setningane under. Stadsadverbialet "til Trondheim" står nærast verbalet når tidsadverbialet "i går" står sist:

  • I går reiste eg til Trondheim.

  • Eg reiste til Trondheim i går.

Hugs V2-regelen!

Ein viktig regel på norsk er V2-regelen. Han seier at verbalet skal på andreplass. Derfor må subjekt og verbal byte plass når du set adverbialet først i ei setning.

Sjå på verbal og subjekt i dei to setningane under, der "reiste" er verbal og "eg" er subjekt i begge setningane:

  • I går reiste eg til Trondheim.

  • Eg reiste til Trondheim i går.

Men!

Viss du vil legge vekt på eit tidsadverbial, kan du setje det framfor stadsadverbialet. I denne setninga vil vi legge vekt på "kvar dag", som er eit tidsadverbial. Det står då framfor "på banen", som er eit stadsadverbial:

  • Han speler fotball kvar dag på banen.

Adverbial er rett og slett setningsledd som kan flytte litt rundt. Men set du tidsadverbialet til slutt, blir det stort sett alltid riktig.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage setningar med adverbial.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar