Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på setningar med adverbial

I denne oppgåva skal de diskutere og lage setningar med adverbial.

Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"

Oppgåve 1. Er setninga rett?

Sit i par. Les setningane på kortet høgt for kvarandre. Diskuter om setningane er rette. Bruk det de kan om plassering av adverbial for å finne rett svar.

Oppgåve 2. Lag heilsetningar sjølv

Lag rett setning av orda som står over den tomme boksen.

Hugs stor bokstav og punktum!

Oppgåve 3. Lag setningar saman

I tabellen under ser de ulike setningsledd. Lag setningar med subjekt, verbal og minst eit adverbial. Prøv òg å lage nokre setningar med to adverbial.

Når de er ferdige, går de saman med eit anna par. Les setningane høgt for kvarandre og diskuter om dei er rette. Spør læraren om de er i tvil.

Lag setningar

Subjekt

Verbal

Tidsadverbial

Stadsadverbial

den vesle guten

dama

bestefar

dei to mennene

mamma

hoppa

jogga

kviler

jobba

skal reise

i går

førre veke

i morgon

kvar dag

om morgonen

til USA

i skogen

på trampolinen

på sofaen

på kontoret

Oppgåve 4. Flytt på tidsadverbialet

Under ser du nokre setningar med tidsadverbialet sist. Lag setningane på nytt, men med tidsadverbialet først.

Døme:

  • Eg var i byen på torsdag.

  • På torsdag var eg i byen.

Hugs V2-regelen!

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om setningar med adverbial og objekt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar