Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv deg på enkle heilsetningar

I denne oppgåva skal du øve deg på å lage enkle heilsetningar med subjekt og verbal.

Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"

Oppgåve 1. Heilsetning eller ikkje?

Del A: Diskuter setningar

Sit i par. Les setningane på kortet høgt for kvarandre. Diskuter om setninga er ei heilsetning eller ikkje. ved å fortelje om de kan finne både subjekt og verbal i setninga.

Del B: Lag riktige setningar

Jobb i par. I del A var det fire setningar som ikkje var heile. Prøv å setningane slik at dei blir riktige heilsetningar med både subjekt og verbal:

  1. Ein snill hund

  2. I dag et på restaurant

  3. Er veldig kaldt

  4. Ein liten gut blomen fin

Del C: Samanlikn setningane

  1. Set dykk saman med eit anna par. Samanlikn setningane de har laga og diskuter om dei er gode heilsetningar.

  2. Les "løysinga" under. Hugs at setningane dykkar kan vere riktige, sjølv om dei ikkje er heilt like setningane i løysinga. Spør læraren om de er i tvil.

Løysing

  1. "Eg har ein snill hund." Eller: "Det er ein snill hund."

  2. I dag et dei på restaurant.

  3. Det er veldig kaldt.

  4. Ein liten gut luktar på den fine blomen.

Oppgåve 2. Lag heilsetningar sjølv

Lag ei heilsetning med subjekt og verbal. Du skal gjere det ved å sjå på bileta under og velje riktige ord som beskriv biletet.

Hugs stor bokstav og punktum!

NB! Når du har svart på ei oppgåve, blar han automatisk vidare til neste oppgåve.

Gå vidare i læringsstien for å lese om korleis du kan lage lengre setningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar