Hopp til innhald
Fagartikkel

Setningar med adverbial og objekt

Kvar skal du plassere ledda i setningar med både adverbial og objekt? Det er viktig å legge merke til at adverbialet er eitt av få setningsledd som kan flyttast til ulike stader i setninga.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eitt eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "guten", "åt" og "eit kokt egg".
Subjekt
Subjektet er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "Nina" subjekt.
Verbal
Verbal er setningsleddet som viser handling. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "kjøpte" verbal.
Objekt
Objekt er setningsleddet handlinga er retta mot. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "skjerfet" objekt.
Adverbial
Eit adverbial seier noko om når noko skjer (på måndag), kvar noko skjer (i stova), eller korleis noko skjer (Ho spring "fort"). I den siste setninga er "fort" adverbial.
V2-regelen
V2-regelen seier at verbalet skal på andreplass i hovudsetningar på norsk. Derfor byter subjekt og verbal plass viss vi flytter eit anna ledd enn subjektet først i setninga: "Eg et no" og "No et eg".

Dette er ein del av ein læringssti om heilsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er ei heilsetning?"

Når adverbialet står sist

Når adverbialet står sist, skal objektet stå etter verbalet:

  • I setninga "Han kjøper gåver kvar jul" er "kjøper" verbal, "gåver" objekt og "kvar jul" adverbial.

  • I setninga "Vi et pizza på restaurant" er "et" verbal, "pizza" objekt og "på restaurant" adverbial.

Når adverbialet står først

Når adverbialet står først, skal objektet stå etter subjektet.

  • I setninga "Kvar jul kjøper han gåver" er "kvar jul" adverbial, "kjøper" verbal, "han" subjekt og "gåver" objekt.

  • I setninga "I dag et Adam pizza "er "i dag" adverbial, "et" verbal, "Adam" subjekt og "pizza" objekt.

Når setninga har to adverbial

Det er ganske vanleg at ei setning har to adverbial, til dømes eit som seier noko om stad (i Oslo) og eit som seier noko om tid (på måndag). Då skal stadsadverbialet stå framfor tidsadverbialet:

  • I setninga "Eg skal kjøpe gåver i Oslo på måndag" er "i Oslo" stadsadverbial og må stå framfor "på måndag", som er tidsadverbial.

Når tidsadverbialet er først

Men når setninga har to adverbial, kan du òg ha tidsadverbialet først. Då skal stadsadverbialet stå til slutt:

  • I setninga "På måndag skal eg kjøpe gåver i Oslo" er "på måndag" tidsadverbial og står først i setninga, mens "i Oslo" er stadsadverbial og må stå sist.

Gå vidare i læringsstien for å lage lengre setningar med både subjekt, verbal, objekt og adverbial.

Relatert innhald