Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på "det" saman med "at" og "å"

Øv på å lage det-setningar saman med "at" og "å".

Dette er ein del av ein læringssti. Les fagartikkelen "Det i at-setningar og infinitivskonstruksjonar" før du gjer oppgåvene.

Oppgåve 1. Det i at-setningar

På norsk er det betre å seie "Det er greitt at han kjem" enn "At han kjem, er greitt". Derfor skal du no øve på å lage setningar som startar med "det" og sluttar med ei at-setning.

Døme:

  • At vi kjenner han, er koseleg.

  • Svar: "Det er koseleg at vi kjenner han."

Oppgåve 2. Det i infinitivskonstruksjonar

Gjer setningane med først i setninga om til det-setningar.

Døme:

  • Å spele fotball er gøy.

  • Svar: Det er gøy å spele fotball.

Oppgåve 3. Snakk om det!

Fire ungdommar sit rundt eit bord og diskuterer ein rosa plastpose. Det er snakkebobler over personane.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A. Fortel om deg sjølv

Sit i par eller grupper. No skal de fortelje om dykk sjølv ved å bruke at- og å-setningar. Under ser du starten på nokre det-setningar med "at" og "å". Fullfør setningane med fakta om dykk sjølv. Gjer oppgåva munnleg.

  1. Når eg har fri, synest eg det er gøy å...

  2. På skulen liker eg at det ...

  3. Når eg er på internett, er det eg liker å ...

  4. Eg synest at det beste å ete til frukost, er ...

  5. For meg er det veldig viktig å ...

  6. Heime synest eg det er fint at ...

B. Lag setningar med det, at og å

Kvinne held kurs for kollegaer. Ho står og peikar mot ei tavle med post-it-lappar i ulike fargar på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Hald fram med å jobbe i par eller grupper. Prøv å lage minst fem det-setningar med "at" eller "å".

  2. Alle para/gruppene skriv setningane på tavla. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å lage gode setningar. Sjå spesielt på .

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2024

Læringsressursar

Lag setningar