Hopp til innhald

Fagstoff

Det-setningar

Norske setningar må alltid ha eit subjekt. Derfor er det vanleg å bruke det upersonlege ordet "det" som subjekt i mange setningar: "Det regnar", "Det kjem nokon" og "Det er greitt!". Her kan du lære meir om upersonlege det-setningar.
Smilande dame i raud regnjakke lukkar auga og tek imot regnet. Foto.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Subjekt
Subjekt er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Subjektstvang
Subjektstvang betyr at alle setningar må ha eit subjekt. Norsk og tysk er døme på språk med subjektstvang. I desse språka heiter det "Det regnar" og "Es regnet". Mange andre språk treng ikkje subjekt, og vi kan berre seie "Regnar".
Upersonlege setningar
Upersonlige setningar er setningar som har eit subjekt som ikkje viser til ein person eller ein ting i den verkelege verda. I setninga "Det regnar" er ikkje subjektet "Det" ein person eller ein gjenstand. Derfor kallar vi det ei upersonleg setning.

Kva er subjektstvang?

At norsk har , betyr rett og slett at du ha eit subjekt i setninga. Sjå til dømes på samtalen under. Legg du merke til korleis ordet "det" blir brukt som ?

- Det regnar!
- Ja, men i går snødde det.
-
Ja, det gjorde det, ja!
-
Eg synest det er så herleg når det er sol, eg.
-
Ja, det er fint med litt varme.

Korleis ville samtalen over vore på førstespråket ditt? Prøv å omsetje og legge merke til kva som skjer med ordet "det" i omsetjinga.

Upersonlege setningar

Det alle setningane over har til felles, er at dei ikkje har eit tydeleg subjekt. Derfor kallar vi dei upersonlege setningar. For kven er det eigentleg som handlar når vatnet dryper ned frå himmelen?

Sidan norsk har subjektstvang, blir "det" rett og slett brukt som subjekt i setningar som ikkje treng noko subjekt:

  • Det regnar.

  • Det er så vondt!

  • Det blåser.

  • Det iser på bakken.

Setningar som ikkje er upersonlege

Ein gut hoppar frå ei klippe ned i vatnet. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du samanliknar det-setningane med setningane under, vil du sjå at subjektet er ein person eller ein . Derfor seier vi at desse setningane er personlege. Subjektet står først i setninga:

  • Guten hoppar.

  • Eg er sjuk.

  • Bilen køyrer.

I desse setningane er det tydeleg kven eller kva som "handlar" eller "er". Det er "guten" som hoppar, "eg" som er sjuk og "bilen" som køyrer.

Plassering av "det"

"Det" i upersonlege det-setningar skal stå på same stad som subjektet står i setningar som ikkje er upersonlege. Derfor står det ofte først i setninga.

Men på norsk er det òg vanleg å ha andre ledd, til dømes adverbialet, først. Då må det stå etter verbalet. Dette er på grunn av

  • I setninga "I dag er det kaldt" er "i dag" adverbial og "det" subjekt.

  • I setninga "No bankar det på døra" er "no" adverbial og "det" subjekt.

  • I setninga "Endeleg er det laurdag" er "endeleg" adverbial og "det" subjekt.

Ei setning med subjekt og verbal. Eksempelsetningar: "Eg hoppar" og "Det regnar". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er ein del av ein læringssti. Gå vidare i læringsstien for å øve på å lage upersonlege det-setningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2024

Læringsressursar

Lag setningar