Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag substantivfrasar med som-setningar

Øv deg på å substantivfrasar med som-setninger.

Dette er sjuande trinn i ein læringssti om substantivfrasar. Les gjerne fagartikkelen "Substantivfrasar med som-setningar" før du gjer desse oppgåvene.

Oppgåve 1. Lag som-setningar

Gjer dei to setningane om til éi setning. Den andre setninga skal vere ei som-setning som beskriv substantivet (kjernen).

Døme:

  • Eg ser ein mann. Han har gul skjorte.

Du skal skrive:

  • Eg ser ein mann som har gul skjorte.

Hugs!

  1. Stor bokstav først i setninga.

  2. Punktum til slutt i setninga.

Oppgåve 2. Gjer om til to setningar

I denne oppgåva er målet å vise at du kan sjå kva ordet "som" viser til. I den andre setninga skal du bruke ordet "som" viser til.

Døme:

  • Eg kjøpte ei bok som var veldig morosam.

  • Ho besøkte ein mann som budde i skogen.

Du skal skrive:

  • Eg kjøpte ei bok. Ho var veldig morosam.

  • Ho besøkte ein mann. Han budde i skogen.

Hugs!

  1. Stor bokstav i starten av setningane.

  2. Punktum til slutt i setningane.

Oppgåve 3. Beskriv eit bilete

  1. Beskriv biletet under med åtte–ti setningar. Du skal lage flest mogleg som-setningar. Prøv å lage ein samanhengande tekst. Start setningane på ulike måtar slik at ikkje alle setningane startar med "Eg ser". Eit døme på korleis du kan beskrive er:

    Eg ser eit fly som heng i taket. Under flyet er det ein spegel som ser ut som ei sol. Til høgre for sola er eit bilete som er svart. På golvet står ei seng som har eit raudt teppe oppå.

    Alternativ til oppgåve 1

    Beskriv rommet ditt heime på same måten som modellteksten over viser.

  2. Byt teksten din med teksten til ein annan i klassen. Gi kvarandre tilbakemeldingar på om de har klart å lage riktige setningar. Spør læraren om de er i tvil.

Illustrasjon som viser eit tverrsnitt av eit hus. I første etasje er det entré, kjøkken og stove, i andre etasje er det soverom, bad og arbeidsrom, og på loftet er det eit barnerom. Illustrasjon.

Gå vidare i læringsstien for å teste alle kunnskapane dine om substantivfrasar i oppsummeringsoppgåvene.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2024

Læringsressursar

Lag setningar