Hopp til innhald

Fagstoff

Forstå V2-regelen

I denne artikkelen er målet at du skal forstå V2-regelen. Han er nemleg typisk for norsk språk og handlar om kvar verbet skal stå i setninga.
Person som hoppar over ordet "verb". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eitt eller fleire ord. Setninga "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "Guten" (subjekt), "åt" (verbal) og "eit kokt egg" (objekt).
Heilsetning
Heilsetning er ei setning som kan stå åleine og gi meining: "Eg skal sove no."
Leddsetning
Leddsetning er ei setning som ikkje gir meining om ho står åleine: "fordi eg er trøytt".
Subjekt
Subjekt er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: "Nina kjøpte skjerfet i går". I denne setninga er "Nina" subjekt.
Verbal
Verbal er setningsleddet som viser handling: "Nina kjøpte skjerfet i går". I denne setninga er "kjøpte" verbal.
Objekt
Objekt er setningsleddet handlinga er retta mot: "Nina kjøpte skjerfet i går". I denne setninga er "skjerfet" objekt.
Adverbial
Adverbial er setningsledd som seier noko om når noko skjedde. I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "i går" adverbial. Det kan òg seie noko om kvar noko skjedde: I setninga "Nina kjøpte skjerfet på kjøpesenteret" er "på kjøpesenteret" adverbial. I tillegg kan det seie noko om korleis noko skjedde. I setninga "Nina knytte skjerfet fort” er "fort" adverbial.

Norsk er eit SVO-språk

Det er lettare for deg å forstå V2-regelen om du veit kva eit SVO-språk er. Derfor forklarer vi dette først:

Vi seier at norsk er eit SVO-språk. Det betyr at i følger setningsledda denne rekkefølga: subjekt – verbal – objekt. Til dømes: "Nina (subjekt) – ser (verbal) – ein katt (objekt)".

På norsk kan vi altså ikkje seie "Nina ein katt ser". Det vil bli feil fordi vi i denne setninga ikkje følger SVO-regelen. Men fleire andre språk i verda er SOV-språk. I desse språka skal subjektet komme først, så objektet og etter det verbet. Det finst òg VSO-språk ("Ser Nina ein katt") og VOS-språk ("Ser ein katt Nina").

SVO-språk er veldig vanleg i Vest-Europa. Til dømes er engelsk òg eit SVO-språk: "Nina (subjekt) sees (verbal) a cat (objekt)".

Fire klossar med bokstavane S, V, O og X på. Klossane har forskjellige fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er førstespråket ditt eit SVO-språk?

Omset setninga "Nina ser ein katt" til ditt. Klarer du å finne ut om du snakkar eit

  • SVO-språk? ("Nina ser ein katt")

  • SOV-språk? ("Nina ein katt ser")

  • VSO-språk? ("Ser Nina ein katt")

  • Noko anna?

Norsk er eit V2-språk

I tillegg seier vi at norsk er eit et V2-språk. V-en i V2 står for verbal, mens 2 står for andreplass. V2-regelen seier at verbalet i norske heilsetningar stå på andreplass. Dette er spesielt for norsk. Sjå til dømes kva som skjer med verbalet "såg" i desse to setningane:

  • Nina såg ein katt i går.

  • I går såg Nina ein katt.

Som du ser over, så skal verbet stå på andreplass i begge setningane. Det betyr altså at i den nedste setninga står subjektet etter verbalet, ikkje før slik det typisk skal i SVO-språk.

Fire klossar med bokstavane X, V, S og O på. Klossane har forskjellige fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er engelsk eit V2-språk?

For å finne ut om andre språk er V2-språk, kan vi ta ein enkel test. Vi kan flytte adverbialet først i ei heilsetning. Sjå til dømes kva som skjer med rekkefølga på ledda på norsk og engelsk når vi flyttar rundt på adverbialet "der/there" i setninga :

  1. NORSK: "Nina ser ein katt der."

  2. ENGELSK: "Nina sees a cat there."

  3. NORSK: "Der ser Nina ein katt."

  4. ENGELSK: "There Nina sees a cat."

Som du ser, må verbalet behalde andreplassen i setninga på norsk for å bli riktig. Då kjem altså verbalet før subjektet. Men på engelsk kjem subjektet framleis framfor verbet, slik det skal i typiske SVO-språk.

Ei setning med subjekt, verbal, objekt og adverbial. Eksempelsetningar på norsk: "Adam et pizza i dag" og "I dag et Adam pizza". Eksempelsetningar på engelsk: "Adam eats pizza today" og "Today Adam eats pizza". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Er norsk mest eit V2-språk?

Mange meiner at det blir rettare å kalle norsk eit V2-språk enn eit SVO-språk, sidan regelen om at verbalet skal etter subjektet "" når vi set adverbialet først i setninga.

Prøv deg på førstespråket ditt

Omset setningane "Nina ser ein katt der" og "Der ser Nina ein katt" til førstespråket ditt:

  1. Blir setninga når du flyttar rundt på ledda?

  2. Kva skjer med verbalet når du flyttar på ledda?

V2-regelen er vanskeleg å lære

Vi seier at V2-regelen er eit for norsk, men han finst òg på til dømes svensk, dansk, nederlandsk og tysk.

Ein vanleg feil hos mange som skal lære norsk, er at dei sier: "I går Nina kjøpte mat" eller "Akkurat no eg er på trening". Det riktige skal vere "I går kjøpte Nina mat" eller "Akkurat no er eg på trening".

Test deg sjølv

Har du forstått V2-regelen? Test deg sjølv ved å flytte adverbialet først i desse setningane. Klarer du å setje verbalet på riktig plass?

Adverbiala er "på torsdag", "sjølvsagt" og "om natta".

  • Den snille mannen hjalp meg heim på torsdag.

  • Eg vil sjølvsagt besøke deg.

  • Eg får ikkje sove om natta.

Fasit

  • "På torsdag hjalp den snille mannen meg heim." Verbalet i setninga er "hjalp".

  • "Sjølvsagt vil eg besøke deg." Verbalet i setninga er "vil".

  • "Om natta får eg ikkje sove." Verbalet i setninga er "får".

Relatert innhald

Øvingar om V2-regelen på norsk. I desse oppgåvene skal du både dra ord, lage riktig rekkefølge i setningar og skrive om kva du gjorde i går.


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2023

Læringsressursar

Lag setningar