Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på leddsetningar med adverbial

Plasser adverbiala på rett stad i leddsetningane.

Dette er ein del av ein læringssti om leddsetningar. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til artikkelen "Kva er ei leddsetning?"

Oppgåve 1

Diskuter i par

Står adverbiala på rett plass i leddsetninga? Grunngi svaret. Fasiten finn de ved å snu kortet.

Oppgåve 2

Plasser setningsledda i rett rekkefølge i setningane.

Oppgave 3

  1. Kopier desse setningane inn i eit tekstbehandlingsverktøy og omset dei til førstespråket ditt. Leddsetningane er "at han skal reise til byen i morgon" og "Viss ho sprang fort gjennom skogen etter skulen".

    • Vi vil at han skal reise til byen i morgon.

    • Viss ho sprang fort gjennom skogen etter skulen, kom ho fortare heim.

  2. Marker dei ulike adverbiala i dei norske leddsetningane med fargar eller uthevingar.

  3. Marker adverbiala i setningane på førstespråket ditt på same måten som i norsk. Viss du til dømes markerte stadsadverbialet "til byen" med feit skrift, skal du markere omsetjinga av denne på same måten i setninga på førstespråket ditt.

  4. Samanlikn leddstillinga i leddsetninga på norsk og førstespråket ditt.

  5. Gå i par. Fortel kvarandre kva likskapar og forskjellar de har funne i leddsetningar på norsk og førstespråket dykkar.

Oppgåve 4

To personar skriv med penn på papir. Foto.
  1. Lag eigne leddsetningar. Under ser du tre heilsetningar med . Subjunksjonen innleier ei leddsetning. Denne skal du skrive ferdig. I setninga må det vere minst eitt adverbial.

    1. Ho liker seg på skulen fordi ...

    2. Når ..., er eg alltid trøytt.

    3. Bror min blir med til bestemor viss ...

  2. Alle elevar skriv ei setning på tavla. Diskuter setningane. Sjå særleg på . Rett opp viss de ser nokon feil.

Oppgåve 5

Under ser du starten på ti ulike setningar. Ein i klassen les den første setninga høgt. Når hen kjem til slutten, seier hen namnet til ein elev i klassen. Den andre skal fullføre setninga munnleg.

NB! Innhaldet i setningane kan gjerne vere tøysete og morosam, men tenk over når de snakkar.

  • Den gamle mannen sprang kjempefort fordi ...

  • Ja, eg blir med på tur i skogen, men berre viss ...

  • Han lo høgt, då ...

  • Turen blei avlyst, då ...

  • Han blei veldig glad etter at ...

  • Ho lærte seg å symje, då ...

  • Vi heldt fram med å ete reker, sjølv om ...

  • Ho heldt fram med å elske han, sjølv om ho visste at ...

  • Ho kjøpte ein iskrem med fire kuler fordi ...

  • Han kjøpte ein ny hund, då ...

Jenter ler ertande til ein gutt i eit klasserom. Foto.

Gå vidare i læringsstien for å lære om korleis du set saman heil- og leddsetningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2023

Læringsressursar

Lag setningar