Hopp til innhald

Fagstoff

Lær å lage gode setningar med lappemetoden

Synest du det er vanskeleg å hugse korleis du skal plassere ord i norske setningar? Då kan lappemetoden kanskje hjelpe deg. Lappemetoden bruker fargar for å få deg til å forstå og hugse reglar i grammatikk.
Setningsledd: subjekt, verbal, setningsadverbial og adverbial. Eksempelsetningar: "Eg dreg ikkje no" og "No dreg eg ikkje". Illustrasjon.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i løpet av teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eit eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "guten", "åt" og "eit kokt egg".
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk " verbal.
Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Setningsadverbial
Setningsadverbial er setningsledd som er viktige for innhaldet i setninga, dei forandrar betydninga. "Ikkje", "sjølvsagt" og "ofte" er døme på setningsadverbial.

Kva er lappemetoden?

Lappemetoden er ein måte å lære seg å lage riktige setningar på norsk. Du studerer først ein illustrasjon med fargar. Etterpå prøver du å setje saman eigne setningar ved å flytte rundt på lappar med fargar/mønster.

Legg merke til at kvart har ein eigen farge / eit eige mønster. Dette skal hjelpe deg med å forstå og hugse ulike reglar for korleis du skal lage setningar på norsk.

Eit døme

La oss ta eit døme. Les den grammatiske forklaringa under:

Når ei setning har to verb, skal setningsadverbialet stå etter det første verbet (hjelpeverbet). Det andre verbet (hovudverbet) skal stå etter setningsadverbialet. Setningsadverbialet skal altså stå mellom dei to verba. I setninga "Eg kan ikkje dra no" er "kan" hjelpeverb, "dra" hovudverb og "ikkje" setningsadverbial.

Etter at du har lese forklaringa, ser du på illustrasjonen under. Fargane/mønstera skal hjelpe deg med å forstå og hugse regelen. Kanskje synest du det er mykje enklare å forstå illustrasjonen enn å berre lese regelen?

Ei setning med subjekt, to verb, setningsadverbial og adverbial. Eksempelsetning: "Eg kan ikkje dra no". Illustrasjon.

Eit døme til

Sjå på illustrasjonen under. Forstår du kva for ein regel denne skal vise?

Setningsledd: subjekt, verbal, objekt og adverbial. Eksempelsetningar: "Adam et pizza i dag" og " I dag et Adam pizza". Illustrasjon.

Svaret er at illustrasjonen viser regelen om at på norsk skal verbalet alltid stå på andreplass i . Ein vanleg feil er nemleg å skrive "I dag Adam et pizza".

Men viss du bruker lappemetoden, vil du kanskje hugse at den sterke oransjefargen, fargen til verbalet, skal stå på andreplass. Det kan hjelpe deg med å skrive rett når du skal lage eigne tekstar, og kanskje også når du pratar?

Lappemetoden er sosial og lærerik

Lappemetoden passar veldig godt til samarbeid. De kan sitje fleire saman og diskutere og prøve å setje saman lappane på rett måte.

Denne måten å jobbe på kan skape diskusjonar og gjere dykk betre til å bruke fagomgrep. Til dømes kan de øve dykk saman på å lage gode heil- og leddsetningar. For kva skjer eigentleg med rekkefølga på orda i heil- og leddsetningar på norsk?

Setning med subjekt, verbal, setningsadverbial og adverbial. Døme på heilsetning: "Eg drar ikkje no" og leddsetning: "Fordi du ikkje drar no". Illustrasjon.

Her kan du prøve lappemetoden på ulike nivå:

Nivå 1: Lag enkle heilsetningar med lappemetoden

Nivå 2: Lag heilsetningar med to verbal med lappemetoden

Nivå 3: Lag heilsetningar med setningsadverbial med lappemetoden

Nivå 4: Lag spørjesetningar med lappemetoden

Nivå 5: Lag enkle leddsetningar med lappemetoden

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2024

Læringsressursar

Lappemetoden