Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nivå 5: Lag leddsetningar med lappemetoden

Øv dykk på å lage leddsetningar med lappemetoden.
Setning med subjekt, verbal, setningsadverbial og adverbial. Døme heilsetning: "Eg drar ikkje no" og leddsetning: "Fordi du ikkje drar no". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til læraren

Dette er nivå 5 av lappemetodeoppgåver. For å finne fleire oppgåver og tips om metodikk kan du gå til artikkelen "Lær elevane syntaks med lappemetoden".

Del 1: Fullfør setningane

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Bruk setningsledda til å fullføre setningane på side 2 og 3 i vedlegget. Plasser ledda under starten på setningane.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

  3. Skriv sjølv: Lag to setningar åleine med leddsetning og setningsadverbial. Så les du dei høgt for ein medelev, og de gir kvarandre tilbakemelding på om de har plassert ledda på riktig plass.

Filer

Del 2: Lag eigne lappar

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. No skal de prøve å lage ei oppgåve som er lik den de gjorde i oppgåve 1. Då må de gjere følgande:

  1. Først skriv de starten på fire setningar (slik som på side 2 og 3 i vedlegget over).

  2. Så fyller de ut lappane som skal vere fortsetjinga på desse setningene. Under ser de døme på nokre setningsadverbial de kan fylle inn på SA-lappane:

    • ikkje, sjølvsagt, kanskje, aldri, alltid, snart, dessverre, ofte

  3. Byt lappane de har laga med lappane til eit anna par og prøv å lage setningar.

  4. Set dykk saman med paret de bytte lappar med og sjekk om de har fått det til. Spør læraren viss de er i tvil om setningsledda er plasserte riktig.

Filer

Del 3: To verb og setningsadverbial

Setning med subjekt, setningsadverbial, to verb, objekt og adverbial. Eksempelsetning: "Eg kan ikkje komme fordi eg ikkje har ete middag i dag". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Bruk setningsledda til å fullføre setningane på side 2 og 3. Plasser ledda under starten på setningane.

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

  3. Skriv sjølv: Lag to setningar åleine med leddsetning og setningsadverbial. Så les de dei høgt for kvarandre og gir kvarandre tilbakemelding på om de har plassert ledda på riktig plass.

Filer

Del 4: Lag eigne setningar

I setningane under er det feil i rekkefølga på orda. Set dei i riktig rekkefølge og skriv inn i boksen under.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2024

Læringsressursar

Lappemetoden