Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nivå 2: Lag heilsetningar med to verbal med lappemetoden

I denne oppgåva skal de bruke lappemetoden til å lage heilsetningar med to verbal.
Heilsetning med subjekt, to verbal og adverbial. Eksempelsetningar: "Eg skal dra no" og "No skal eg dra". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Til læraren

Dette er nivå 2 av lappemetodeoppgåver. For å finne fleire oppgåver og tips om metodikk kan du gå til artikkelen "Lær elevane syntaks med lappemetoden".

Del 1: Subjektet først

Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.

  1. Lag fem setningar med subjektet først i setninga. Setningane har og

  2. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

Filer

Del 2: Adverbialet først

Bruk dei same lappane som i førre oppgåve.

  1. Studer illustrasjonen øvst på sida og legg merke til kva rekkefølge setningsledda skal ha.

  2. Lag fire setningar med adverbialet først i setninga.

  3. Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest riktige ut.

Del 3: Lag eigne lappar

Skriv ut dei tomme lappane i vedlegget og klipp ut. Sit i par.

Filer

  1. Skriv inn setningsledd på lappane. På den blå subjektslappen må det stå eit substantiv (hunden, guten, mannen...) eller eit pronomen (eg, vi...), på den gule V2-lappen skal det stå eit , på den oransje eit og så vidare.

  2. Byt lappar med ei anna gruppe. Klarer de å setje lappane saman til setningar?

  3. Set dykk saman med gruppa de bytte lappar med og samanlikn setningane de har laga.

Del 4: Skriv ei kort historie

Elev skriv på ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Skriv ei kort historie om kva du skal gjere i morgon ved å bruke . Bruk hjelpeverbet "å skulle" saman med eit hovudverb: "I morgon skal eg på skulen."

    • Bind saman setningane med ord som "først", "etterpå", "så" og "til slutt".

    • Plasser setningsledda subjekt, hjelpeverb, hovudverb, direkte objekt og adverbial på riktig stad. Hugs at hjelpeverbet skal på førsteplass!

      Sjå på dømet under:

      I morgen skal eg først stå opp. Så skal eg dra på skulen. Etterpå skal eg heim. Då skal eg ete middag med familien.

  2. Les historiene høgt for kvarandre i grupper. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har plassert setningsledda i riktig rekkefølge. Spør læraren viss de er i tvil.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2024

Læringsressursar

Lappemetoden