Nivå 4: Lag spørjesetningar med lappemetoden
Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.
Lag fem spørjesetningar der du plasserer setningsledda i rett rekkefølge ved å studere illustrasjonen over.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest rette ut.
Filer
Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.
Lag fire setningar med to verbal i kvar.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest rette ut.
Filer
Skriv ut vedlegget under og klipp ut setningsledda. Sit i par.
Lag fire spørjesetningar med hjelpeverb og hovudverb.
Les setningane høgt i klassen. Diskuter om alle høyrest rette ut.
Arbeid i par:
Lag ein dialog mellom to personar. Du skal setje dialogen saman av spørsmål og svar. Prøv å bruke både spørsmål med spørjeord og spørsmål med verbalet først. Sjå dømet under for tips.
Framfør dialogen framfor klassen.
Døme:
Person 1: Kvar skal du på ferie i år?
Person 2: Eg skal til Danmark.
Person 1: Kva skal du gjere der?
Person 2: Eg skal besøke nokre venner.
Person 1: Har du mange venner i Danmark?
Person 2: Ja, eg kjenner mange i Danmark.