Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på presenteringssetningar

Presenteringssetningar er setningar som "Det står ein mann utanfor" og "Det er gale å lyge". I desse oppgåvene skal du øve på å lage presenteringssetningar.

Dette er ein del av ein læringssti. Les fagartikkelen "Det i presenteringssetningar" før du gjer oppgåvene.

Oppgåve 1. Kva er ny informasjon?

I setningane under er det eit formelt subjekt (det) og eit eigentleg subjekt. Gå saman i par og diskuter kva som er det eigentlege subjektet. Snu kortet for å sjekke om de har rett svar.

Døme:

  • "Det står ein mann utanfor døra."

  • Svar: "Ein mann" er eigentleg subjekt.

Oppgåve 2. Lag presenteringssetningar

Lag setningane under om til presenteringssetningar med "det". Hugs at "det" skal stå på den plassen subjektet pleier å stå.

Døme:

  • Ein gut badar i sjøen.

  • Det badar ein gut i sjøen.

Oppgåve 3. Lag presenteringssetningar i par

Sit i par. Klarer de å tippe kva for ein presenteringssetning som høyrer til biletet? Sjå på orda under og bruk desse for å lage ei presenteringssetning som høyrer til biletet. Snu for å sjå svaret.

Oppgåve 4. Lag setningar i klassen

Denne oppgåva skal de gjere saman i klassen. I biletserien under er det seks bilete.

  1. Sjå på det første biletet. Prøv å lage flest mogleg presenteringssetningar saman i klassen. Skriv dei opp på tavla. Gå deretter vidare til neste bilete og gjer det same.

  2. Diskuter i klassen: Forstår de kva presenteringssetningar er etter å ha gjort desse øvingane? Er det noko de treng å øve meir på?

Gå vidare i læringsstien for å lære om "det" i at- og å-setningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2024

Læringsressursar

Lag setningar