Hopp til innhald

Fagstoff

Substantivfrasar med som-setningar

Visste du at ein substantivfrase kan innehalde ei heil setning? Her skal du lære meir om substantivfrasar med som-setningar.
Kvinne og mann studerer faglitteratur saman. Dei sit utanfor ein bygning under eit tre og ser i ei bok. Foto.

Dette er sjette trinn i ein læringssti om substantivfrasar. Gå til fagartikkelen "Å skrive substantivfrasar" for å finne første trinnet i læringsstien.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Som-setning
Ei som-setning er ei setning som blir innleidd av subjunksjonen "som". Eit døme er: Eg fekk nye sko som var altfor store.
Frase
Ein frase er eit ord eller fleire ord som høyrer saman: I setninga Den gamle mannen går til stranda er det tre frasar: "Den gamle mannen", "går" og "til stranda".
Kjerne
Ein kjerne i ein frase er det viktigaste ordet. I setninga Den litle jenta er på kino er "jenta" kjernen i substantivfrasen "den litle jenta", mens "kino" er kjernen i preposisjonsfrasen "på kino".
Substantivfrase
Ein substantivfrase er ein frase som har eit substantiv som det viktigaste ordet. I frasen "den gamle mannen" er substantivet "mann" kjerne.
Bestemmar
Ein bestemmar er ein del av ein substantivfrase som fortel kor mange det er av substantivet. "Ein", "fleire" og "alle" er døme på bestemmarar: Eg ser ein gut og fleire jenter. Alle speler fotball.
Beskrivar
Ein beskrivar er ein del av substantivfrasen som fortel korleis substantivet er eller ser ut. "Pen", "gammal" og "snill" er døme på beskrivarar.

Ulike substantivfrasar

Viss du har lese fagartikkelen om substantivfrasar, så veit du at du kan lage substantivfrasar på mange ulike måtar. Nokre døme er:

Berre kjerne

  • Guten er snill.

I denne setninga er det berre substantivet "guten" som er substantivfrasen.

Bestemmar + kjerne

  • Den guten er snill.

I denne setninga er både determinativen "den" og "guten" ein substantivfrase. "Den" er ein bestemmar fordi "den" fortel kor mange det er av guten.

Bestemmar + beskrivar + kjerne

  • Den snille guten smilte til meg.

Her er dei tre orda "den", "snill" og "gut" ein substantivfrase saman. Adjektivet "snill" er ein beskrivar sidan ordet beskriv korleis guten er.

Gut ser rett i kamerat, smiler og knyter neven for å vise støtte. Foto.

Etterstilt som-setning

Ei som-setning er ei setning som startar med "som". Du kan bruke ei som-setning til å beskrive eit substantiv.

Eit døme er:

  • Eg kjenner guten som har kvit genser.

Viss vi spør Kven kjenner du?, er svaret Guten som har kvit genser. Desse orda høyrer altså alle saman og er ein substantivfrase. "Guten" er kjernen, mens "som har kvit genser" er ein beskrivar. Denne som-setninga beskriv "guten".

Beskrivaren er etterstilt. Han står etter kjernen (substantivet "guten"). Dette er ein vanleg måte å lage substantivfrasar på.

Substantivfrase med kjerne og bestemmar. Ordet "Kjerne" står over boksen med ordet "Guten". Ordet "Beskrivar" står over boksen med orda "som har kvit genser". Illustrasjon.

Andre døme på substantivfrasar med etterstilt beskrivarledd er:

  • Vi hadde ein ny lærar som var skikkeleg flink.

  • Eg har ei bestemor som fylte 80 år i går.

I desse setningane er substantivfrasane "ein ny lærar som var skikkeleg flink" og "ei bestemor som fylte 80 år i går" objekt i setningane, og dei er etterstilte beskrivarar.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å lage eigne som-setningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2024

Læringsressursar

Substantiv