Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på substantivfrasar med etterstilt bestemmar

Dette er femte trinn i ein læringssti om substantivfrasar. Les gjerne fagartikkelen "Substantivfrasar med etterstilt bestemmar" før du gjer desse oppgåvene.


Oppgåve 1. Determinativ eller preposisjonsfrase?

Har substantivfrasen ein determinativ eller ein preposisjonsfrase som bestemmar? Plasser frasane i rett boks.

Oppgåve 2. Samsvarsbøying

I substantivfrasen må du bruke samsvarsbøying. Det betyr at determinativen skal ha same form (kjønn og tal) som substantivet. Kva for nokon substantivfrasar har rett samsvarsbøying, og kva for nokon har feil?

Oppgåve 3. Rett samsvarsbøying

Alle setningane under har substantivfrasar med feil samsvarsbøying. Skriv setninga rett inn i boksen. Du kan få hint viss du trykker på i-knappen.

Oppgåve 4. Gjer om til preposisjonsfrase

På norsk er det vanleg å bruke etterstilt preposisjonsfrase som bestemmar når du fortel om eigedom. Skriv om slik at substantivfrasen får ein etterstilt preposisjonsfrase.

Døme:

Det står:

  • Det var guten sin sykkel.

Du skriv:

  • Det var sykkelen til guten.

Oppgåve 5. Gjer om til sin, si, sitt eller sine

Sit i par. Diskuter kva som er rett løysing og snu kortet for å finne svaret.

På framsida av kortet står bestemmaren som etterstilt preposisjonsfrase. Gjer om til bestemmar med sin, si, sitt eller sine.

Døme:

Det står:

  • Halen til katten er lang.

De seier:

  • Katten sin hale er lang.

Oppgåve 6. Skriv sjølv!

Fire ungdommar sit rundt eit bord i skulegarden og pratar. Ei av jentene held rundt ein ball som ligg på bordet. Det er eit nettbrett og skrivesaker på bordet. Foto.
  1. Beskriv biletet over. Målet er å bruke etterstilte bestemmarar i substantivfrasen på ulike måtar. Prøv å variere mellom:

    Etterstilt determinativ:

    • Jenta sitt hår er brunt.

    Etterstilt preposisjonsfrase:

    • Håret til jenta er brunt.

    Viss du ikkje vil bruke biletet, kan du skrive ein tekst basert på gloselista under.

    Gloseliste til biletet

    • ei jente

    • ein gut

    • ein ball

    • eit hår

    • ei jakke

    • ein genser

    • eit smykke

    • ein kaps (ei lue, kaps)

    • ein plastkopp

    • eit nettbrett

    • eit bord

    • eit sugerøyr

  2. Byt tekst med ein medelev. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har gjort det rett. Spør læraren om de er i tvil.

Gå vidare i læringsstien for å lære om substantivfrasar med som-setningar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2024

Læringsressursar

Substantiv