Hopp til innhald
Oppgåve

Kva kan du om bestemtheit?

Når og korleis skal du bruke bestemt og ubestemt form av substantivet? Bli betre i bestemtheit ved å utforske temaet saman med andre i klassen og samanlikne med førstespråket ditt.

Til læraren

Bestemtheit er vanskeleg for mange som lærer norsk. Vi anbefaler at de gjer denne oppgåva saman før elevane set seg åleine for å jobbe med grammatikkoppgåver.

Å utforske kompliserte grammatiske emne i plenum vil både utvikle metaspråket til elevane og kunne auke forståinga deira.

Denne oppgåva skal òg hjelpe elevane med å forstå at det å skilje mellom kjend og ukjend informasjon er eit universelt fenomen i språka i verda, men det kan bli gjort på ulike måtar. Det er derfor viktig at dei samanliknar norsk med førstespråket sitt. Då kan det vere enklare for dei til dømes å forstå at norsk skil mellom kjend og ukjend informasjon morfologisk (ein mann – mannen), mens førstespråket deira kanskje gjer det på ein annan måte.

Dette er første trinn i ein læringssti om bestemtheit.

Del 1: Kva kan de frå før?

Sett deg saman med to eller tre andre i klassen. Diskuter spørsmåla under:

  1. Når de skal lære norsk, er det lurt å kjenne til fagomgrepa "bestemtheit", "ubestemt form" og "bestemt form" Veit de noko om desse orda? Diskuter i gruppa.

  2. Veit de kva eit substantiv er? Diskuter i gruppa og kom med døme.

  3. Les setningane under, som har to substantiv: "mann" og "dame". Men substantiva står i ulik form: "mann" og "mannen" og "dame" og "dama". Klarer de å lage ei forklaring saman i gruppa som fortel kvifor det er slik?

    • Eg ser ein mann og ei dame. Mannen og dama går mot meg.

  4. Veit de kva orda "ein" og "ei" som står framfor orda "mann" og "dame", er?

Del 2: Forstå og forklar bestemtheit

  1. Sitt åleine. Les fagartikkelen "Bestemtheit". Mens du les, skal du markere alt du synest er vanskeleg å forstå. Gjer det på denne måten:

    • Viss du les på skjerm: Kopier inn setningar eller avsnitt du treng meir forklaring til i eit tekstbehandlingsverktøy.

    • Viss du les på ark: Marker setningar eller avsnitt du treng meir forklaring til med penn, tusj eller blyant.

  2. Set dykk tilbake i gruppene de sat i i del 1.

    1. Fortel att det de nettopp har lese. Bruk omgrepa "kjend informasjon", "ukjend informasjon" og "" i forklaringane dykkar. Bruk gjerne setningane Eg ser ein mann og ei dame og Mannen og dama går mot meg når de diskuterer saman i gruppene.

    2. Alle les opp det dei markerte som vanskeleg mens dei las fagartikkelen. Klarer de å få kvarandre til å forstå dei vanskelege delane saman i gruppa? Spør læraren om hjelp viss de treng det.

  3. Tenk dykk at de skal forklare andre som lærer norsk om bestemtheit. Lag ein kort presentasjon saman (cirka 3–5 minutt) om bestemtheit. Hugs å bruke døme i presentasjonen.

  4. Vel ut ei gruppe som skal presentere framfor dei andre i klassen.

Del 3: Samanlikn med førstespråket ditt

I fagartikkelen om bestemtheit las du at alle språk skil mellom kjend og ukjend informasjon, men dei gjer det på ulik måte. Norsk gjer det altså ved å bruke eit på substantivet om kjend informasjon. I dømet Eg ser mannen er "-en" suffiks.

I denne oppgåva er målet å samanlikne korleis norsk og førstespråket ditt skil mellom kjend og ukjend informasjon. Viss de er fleire med same førstespråk i klassen, kan de jobbe i par. Viss ikkje, jobb åleine:

  1. Omset desse setningane frå norsk til førstespråket ditt:

    • Det er ein mann der borte. Mannen er veldig høg.

    • Kjærasten til Thomas er snill.

  2. Marker substantiva i setninga ("mann" og "kjæraste").

  3. Forklar, anten munnleg eller skriftleg korleis førstespråket ditt viser om noko er kjend eller ukjend informasjon. Du skal særleg sjå på dette:

    • Viser førstespråket ditt om noko er kjend eller ukjend informasjon ved å forandre form på substantivet, slik som norsk gjer?

    • Viss svaret på spørsmålet over er nei – korleis viser førstespråket ditt då forskjellen på kjend og ukjend informasjon? Finn svaret ved å sjå på kva som skjer med substantiva. Byter dei plass? Får dei ein artikkel framfor seg? Eller kanskje forandrar måten du seier orda på seg?

    • Bruker førstespråket ditt ubestemt artikkel slikt norsk gjer: "ein mann"?

  4. Forklar for dei andre i klassen korleis førstespråket ditt skil mellom kjend og ukjend informasjon. Bruk tavla og skriv døme der.

  5. Diskuter saman i klassen: Kor mange ulike måtar å skilje mellom kjend og ukjend informasjon på finn de etter å ha høyrt på kvarandre?

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om bestemtheit.

Relatert innhald

Fagstoff
Bestemtheit

Kva er bestemtheit, og korleis bruker du det riktig på norsk?