Hopp til innhald

Fagstoff

Å skrive substantivfrasar

Ein viktig del av det å bli betre i norsk er å kunne skrive substantivfrasar. I denne ressursen skal du lære kva ein substantivfrase er. I tillegg kan du lese meir om substantivfrasar i bestemt og ubestemt form.
Substantiv stabla oppå kvarandre. Illustrasjon.

Dette er første trinn i ein læringssti om substantivfrasar.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Setningsledd
Eit setningsledd er ein del av ei setning. Det kan vere eitt eller fleire ord. "Guten åt eit kokt egg" har tre setningsledd: "guten", "åt" og "eit kokt egg".
Subjekt
Subjektet er som oftast det setningsleddet som viser kven eller kva som gjer noko: I setninga "Nina kjøpte skjerfet i går" er "Nina" subjekt.
Frase
Ein frase er eitt ord eller fleire ord som høyrer saman: I setninga "Den gamle mannen går til stranda" er det tre frasar: "Den gamle mannen", "går" og "til stranda".
Kjerne
Kjernen i ein frase er det viktigaste ordet. I setninga "Den litle jenta er på kino" er "jenta" kjernen i substantivfrasen "den litle jenta", mens "kino" er kjernen i preposisjonsfrasen "på kino".
Substantivfrase
Ein substantivfrase er ein frase som har eit substantiv som det viktigaste ordet. I frasen "den gamle mannen" er substantivet "mann" kjerne.
Bestemmar
Ein bestemmar er ein del av ein substantivfrase som fortel kor mange det er av substantivet. "Ein", "fleire" og "alle" er døme på bestemmarar: "Eg ser ein gut og fleire jenter. Alle speler fotball". Bestemmarar kan òg fortelje kven som eig noko: "Det er min bil". I denne setninga er "min" bestemmaren.
Beskrivar
Ein beskrivar er ein del av substantivfrasen som fortel korleis substantivet er eller ser ut. "Pen", "gammal" og "snill" er døme på beskrivarar.
Samsvarsbøying
Samsvarsbøying betyr at ord som høyrer saman, skal stå i same form. Eit døme på samsvarsbøying er "ein liten gut" og "den litle guten". I den første frasen står adjektivet i ubestemt form (liten), sidan substantivet (gut) gjer det. I den andre frasen står både adjektivet (litle) og substantivet (guten) i bestemt form.

Kvifor skal eg lære dette?

Ein viktig del av det å bli flinkare i norsk er å få eit variert språk. Det får du når du bygger ut frasane dine. Det første året du lærer norsk, kan du kanskje berre seie "Ein gut bur i huset", mens du nokre år seinare kan seie "Den snille, litle guten bur i det grøne huset bak fjella i skogen."

For å få til dette er det lurt å kjenne igjen ein substantivfrase og kunne reglane for korleis vi lagar han.

Kva er ein frase?

Ein frase er eitt enkelt ord eller fleire ord som høyrer saman. Du kan òg kjenne igjen ein frase fordi han er i ei setning.

Sjå til dømes på denne setninga:

  • Ein snill gut fekk bamsar til jul.

I denne setninga er "Ein snill gut", og det er "bamsar". Derfor er dei begge frasar.

Hva er forskjellen på setningsledd og frase?

Vi snakker om setningsledd når vi , og er då interesserte i setningsleddet har i setninga.

Når vi snakkar om frasar, er vi ikkje interesserte i funksjonen frasen har i setninga, men i gruppa med ord som høyrer saman i denne frasen.

Kva er ein kjerne?

Vi kallar "ein snill gut" og "bamsar" substantivfrasar fordi det viktigaste ordet er eit substantiv. Det er lett å sjå når du les ordet "bamsar", for frasen har berre eitt ord som er eit substantiv. I "ein snill gut" er det "gut" som er det viktigaste ordet, dei andre orda berre fortel kor mange det er av guten og beskriv korleis han er. Derfor er dette ein substantivfrase.

Bestemmarar og beskrivarar

  • Bestemmarar pleier å høyre til ordklassen determinativ.

  • Beskrivarar pleier å høyre til ordklassen adjektiv.

Vi bruker bestemmarar og beskrivarar her for å vise kva funksjon dei har i substantivfrasen. Då er dei lettare å kjenne igjen.

Substantivfrase med tre ord som er plasserte i boksar. Over dei tre boksane står det: Bestemmar over den første boksen med ordet "Ein" inni, Beskrivar over den andre boksen med ordet "snill" inni og Kjerne over den tredje boksen med ordet "gut" inni.  Illustrasjon.

Bestemmarar og beskrivarar kan stå både framfor og bak substantivkjernen:

Substantivfrase med fire ord som er plasserte i boksar. Over dei fire orda står det: Bestemmar over den første boksen med ordet "Den" inni, Beskrivar over den andre boksen med ordet "snille" inni, Kjerne over den tredje boksen med ordet "guten" inni og Bestemmar over det fjerde ordet med ordet "min" inni. Illustrasjon.

Samsvarsbøying

La du merke til at adjektivet "snill" (beskrivar) stod på to ulike måtar i setningane over?

  • Ein snill gut

  • Den snille guten

Grunnen til at det gjer det, er noko vi kallar samsvarsbøying. Det betyr at alle orda i substantivfrasen må ha same form. Det er kjernen, altså substantivet, i frasen som bestemmer kva form bestemmarane og beskrivarane skal ha.

Ubestemt form: "Ein snill gut"

  • Sidan substantivet "gut" står i ubestemt form i den første setninga, må adjektivet (beskrivaren) òg gjere det. "Snill" er ubestemt form av adjektivet.

  • Også determinativet (bestemmaren) skal ha ubestemt form. Her er det den ubestemte artikkelen "ein".

Bestemt form: "Den snille guten"

  • Sidan substantivet "gut" står i bestemt form (guten), må adjektivet (beskrivaren) stå i bestemt form: "snille".

  • Determinativet (bestemmaren) skal ha bestemt form. Det er den bestemte artikkelen "den".

Ubestemt form av adjektivet

Slik skal du bøye dei fleste adjektiv i ubestemt form:

  • Ein snill gut – ei snill jente – eit snilt barn – fleire snille barn

Bestemt form av adjektivet

Slik skal du bøye adjektivet i bestemt form:

  • den snille guten – den snille jenta – det snille barnet – dei snille barna

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å finne og lage substantivfrasar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2024

Læringsressursar

Substantiv