Hopp til innhald

Fagstoff

Bestemtheit

Mange som lærer norsk, synest bestemtheit er vanskeleg. For når skal du eigentleg seie "gut og jente", og når skal du seie "guten og jenta"? Her kan du lese meir om korleis du bruker bestemtheit om kjend og ukjend informasjon.
Substantiv stabla oppå kvarandre: ei bok, ein bil og eit eple. Ein bamse sit ved sida av. Illustrasjon.

Til læraren

Vi anbefaler at du startar med oppgåva "Kva kan du om bestemtheit"? når du skal lese denne fagartikkelen. Ho sikrar utforskande læring og ber elevane samanlikne med førstespråket sitt.

Dette er andre trinn i ein læringssti om bestemtheit. For å komme til første trinn, går du til oppgåva "Kva kan du om bestemtheit?".

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Avsendar
Ein avsendar er den som seier noko til ein annan. Vi kallar òg ein som skriv ein tekst for ein avsendar. Viss kongen har skrive ein tale, er han avsendaren av denne talen.
Mottaker
Ein mottakar er den som lyttar i ein samtale, eller den som les ein tekst. Viss kongen har skrive ein tale til folk som bur i Noreg, er det norske folket mottakaren av talen.
Substantiv
Substantiv er namn på ein ordklasse med ord som handlar om ting (hus), omgrep (idé, tanke) og namn (Adam, Sara).

Kva er bestemtheit?

Bestemtheit er ein grammatisk . Det betyr at det er ein måte å bøye ord i ein ordklasse på. I denne artikkelen skal du lære meir om bestemtheit i .

Bestemtheit i norsk

Substantiv blir bøygde i bestemt og ubestemt form. Sjå til dømes på substantivet "katt" i desse setningane:

  • Eg ser ein katt. (ubestemt form)

  • Eg ser katten. (bestemt form)

Korleis lage ubestemt form?

Du lagar ubestemt form ved å bruke substantivet i grunnforma og med ubestemt artikkel:

  • Eg ser ein katt.

Ubestemt form av substantiv

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Ubestemt form eintalein kattei dameeit hus
Ubestemt form fleirtalkattardamerhus

Når skal du bruke ubestemt form?

Ukjend informasjon

Viss du snakkar om noko mottakaren ikkje kjenner til frå før, skal du bruke ubestemt form. Sjå til dømes på denne samtalen:

Tina: Kva gjorde du i går?

Adam: Eg var på ein tur til Trondheim. Der besøkte eg ein venn.

Her bruker Adam ubestemt form av substantiva: "ein tur" og "ein venn". I denne samtalen tenker Adam at turen og vennen er ny informasjon for Tina. Derfor bruker han ubestemt form av substantiva.

Ein ung gut og ei ung jente i samtale på ei togplattform. Foto.

Korleis lage bestemt form?

Vi lagar bestemt form av substantivet med eit . Det betyr at vi set på ei ending på substantivet:

  • Eg ser katten.

Substantiv har tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Under kan du se ei oversikt over kva fror nokre suffiks substantiva skal ha i eintal og fleirtal:

Bestemt form av substantiv

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Bestemt form eintalkattendamahuset
Bestemt form fleirtalkattanedamenehusa

Når skal du bruke bestemt form?

Kjend informasjon

Den aller viktigaste regelen er at om kjenner til det du skal fortelje, så skal du bruke bestemt form.

Vi kan sjå på eit døme. Legg merke til substantiva "by" og "lærar" i denne samtalen:

Adam: Kva gjorde du i går?

Nora: Eg var på byen i går. Der møtte eg læraren vi snakka om.

Kvifor "byen"?

Substantivet "byen" står i bestemt form. Nora veit at Adam skjønner kva for ein by ho fortel om. Når vi reknar med at den vi snakkar til, skjønner kva substantivet viser til, skal vi bruke bestemt form.

Kvifor "læraren"?

I den siste setninga står ordet "lærar" i bestemt form: "læraren". Nora tenker at Adam veit kven denne læraren er, derfor bruker han bestemt form av substantivet.

Stor, gul skulebygning i murstein. Foto.

Eit døme til

Les samtalen under. Legg merke til når substantivet "bukse" står i bestemt og ubestemt form:

Adam: Kva gjorde du i går då, Tina?

Tina: Eg var i byen. Der kjøpte eg ei bukse.

Adam: Var ho dyr?

Tina: Nei, buksa var kjempebilleg.

Tina seier først "ei bukse". Det er fordi Adam ikkje har høyrd om denne buksa tidlegare. Men i den siste setninga seier ho "buksa". Her bruker ho bestemt form fordi ho allereie har fortalt om buksa. Buksa er altså ikkje lenger ukjend informasjon.

Hugseregel!

Substantivet skal stå i bestemt form når du viser til noko du trur mottakaren kjenner til frå før.

Bestemtheit i andre språk

Norsk viser altså om noko er kjend eller ukjend informasjon med suffiks (guten) eller ubestemt artikkel (ein gut). Her kan du lese om korleis somme andre språk viser om noko er kjend eller ukjend informasjon.

Bestemt form i engelsk og arabisk

Engelsk og arabisk lagar ikkje bestemt form med suffiks. I staden set dei ein framfor substantivet:

  • Engelsk: I see the cat

  • Arabisk: Araa alqata (أرى القطة)

Engelsk bruker den bestemte artikkelen "the", mens arabisk bruker den bestemte artikkelen "al".

Ubestemt form i arabisk

I mange språk blir det ikkje brukt ein artikkel i ubestemt form. På arabisk vil Eg ser ein katt bli omsett til:

  • araa qitatan: Jeg ser katt. (أرى قطة)

Dette er grunnen til at mange med arabisk som førstespråk seier Eg ser katt og Eg har venn når dei snakkar norsk.

Bestemtheit i slaviske språk

I slaviske språk blir substantiv stort sett ikkje bøygde i bestemtheit. Til dømes bruker ikkje polsk suffiks eller ubestemt artikkel for å vise om noko er kjend eller ukjend informasjon.

Sjå på desse to setningane på polsk. Legg merke til substantivet "pies", som betyr "hund":

  • Pod stołem leży pies. (Det ligg ein hund under bordet.)

  • Pies leży pod stołem. (Hunden ligg under bordet.)

Substantivet "pies" forandrar ikkje form. I staden er det plasseringa i setninga som viser om hund er ny eller kjend informasjon. Til dømes står "pies" først i setninga når han er kjend informasjon. Ein slik måte å skilje mellom kjend og ukjend informasjon på er vanleg i slaviske språk (Lie, 1993, s. 37).

For ein som har eit slavisk språk som førstespråk, kan det derfor vere vanleg å seie: Det ligg hund under bordet og Den hund er stor.

Test deg sjølv i bestemtheit

Kjelde

Lie, S. (1993). Kontrastiv grammatikk – med norsk i sentrum. Novus forlag.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på bestemt og ubestemt form.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2024

Læringsressursar

Substantiv