Hopp til innhald

Fagstoff

Setningsadverbialet i leddsetningar

Kvar skal setningsadverbialet stå i leddsetningar?
Mann klør seg tankefullt på haka. Rundt hovudet er det mange spørsmålsteikn. Manipulert foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Leddsetning
Ei leddsetning er ei setning som ikkje betyr noko når ho står åleine. Eit døme er "fordi eg må gå no". Denne leddsetninga må stå saman med ei heilsetning for å gi meining: "Eg tek på meg klede fordi eg må gå no."
Heilsetning
Ei heilsetning kan stå åleine og gi meining. På norsk må nesten alle heilsetningar ha eit subjekt og eit verbal: "Han går."
Subjekt
Subjektet er setningsleddet som utfører ei handling i ei setning. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "Muhammed" subjekt.
Verbal
Verbalet er det som skjer i setninga. Verbalet er alltid eit verb. I setninga "Muhammed drikk vatn" er "drikk" verbalet.
Subjunksjon
Subjunksjonar eller underordningsord innleiar, altså står først i, leddsetningar. Døme på subjunksjonar er fordi, at, om, som, , når, dersom, viss, før, endå.

Dette er ein del av ein læringssti om setningsadverbial. For å komme til starten av læringsstien kan du gå til fagartikkelen "Kva er eit setningsadverbial?".

Leddsetningar

Ei leddsetning er ei setning som er ein del av ei :

  • I setninga "Eg kan ikkje komme fordi eg er sjuk" er "fordi eg er sjuk" leddsetninga.

  • I setninga "Har du sett at ho har bytt skule?" er "at ho har bytt skule" leddsetninga.

Ei leddsetning kan kjennast igjen fordi ho

  • ikkje gir meining åleine

  • alltid er ein del av ei anna setning

  • startar med ein (fordi, at, viss, når, , som)

Ordstilling i leddsetningar

I heilsetningar skal verbet i presens (notid) eller preteritum (fortid) alltid stå på andreplass. Det er dette vi kallar V2-regelen. Desse setningane har verbet "går" på andreplass:

  • Eg går no.

  • No går eg.

To setningar: "Adam et pizza i dag" og "I dag et Adam pizza". "Adam" er subjektet og markert i blått. "et" er verbalet og markert i oransje. "pizza" er objektet og markert i lilla. "i dag" er adverbialet og markert i grønt. Framstillinga understreker at verbalet er på andreplass i begge setningane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I leddsetningar er ordstillinga annleis. Då skal verbet i presens (notid) eller preteritum (fortid) stå etter subjektet. Subjektet står etter subjunksjonen:

  • Eg kan ikkje komme fordi eg har besøk. ("fordi" er subjunksjonen, "eg" er subjektet, og "har" er verbet.)

  • Dersom du reiser til Syden, må du hugse solkrem. ("Dersom" er subjunksjonen, "du" er subjektet, og "reiser" er verbet.)

Setningsadverbial i leddsetningar

I leddsetningar skal setningsadverbialet stå etter subjektet. Sjå til dømes på leddsetninga under:

  • Du må seie ifrå viss du ikkje kan komme. (Leddsetninga er "viss du ikkje kan komme".)

Setningsadverbialet "ikkje" står her etter subjektet "du". Visuelt kan vi samanlikne ordstillinga i heilsetningar og leddsetningar slik:

To setningar der dei ulike setningsledda er markerte med fargar: I heilsetninga "Eg drar ikkje no" er subjektet "eg" blått, verbalet "drar" er oransje, setningsadverbialet "ikkje" er rosa, og adverbialet "no" er grønt. I leddsetninga "fordi du ikkje drar no" er subjektet "du" blått, verbalet "drar" er oransje, setningsadverbialet "ikkje" er rosa, og adverbialet "no" er grønt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å plassere setningsadverbial i leddsetningar.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 13.10.2023

Læringsressursar

Setningsadverbial